Rachel Grepp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rachel Grepp

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mars 1879
Bergen
Død

24. mai 1961 (82 år)

Yrke politikar, journalist
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Ektefelle Kyrre Grepp
Rachel Grepp på Commons

Rachel Catharina Helland Grepp (5. mars 187924. mai 1961) var ein norsk journalist, politikar og kvinnesaksforkjempar.[1]

Rachel Helland var fødd i Bergen. Ho var dotter av skipsreiar Peter Helland og læraren Marie Elise Wiesener. I ungdomstida blei ho politisk engasjert på venstresida. Ho var med i gymnassamfunnet Hugin, mellom anna saman med sin seinare ektemake Kyrre Grepp. Dei var med på stiftinga av Bergens socialdemokratiske ungdomslag i 1902.

Etter examen artium 1899 studerte Grepp filosofi i København og fransk i Paris, og tok kurs i pedagogikk ved Universitetet i Oslo 1902. Grepp verka som lærarvikar før ho i 1904 gifta seg med politikaren Kyrre Grepp. Dei fekk fem barn saman. Mellom dei var skodespelaren Ole Grepp (1914–76), journalisten Gerda Grepp (1907–40) og politikaren Asle Grepp (1919–45).

I tida fram til ektemannen døydde i 1922, skreiv ho for hans Vor Tid og for Arbeiderkvinnen. I perioden 1922-49 skreiv ho for Arbeiderbladet. Ho blei politisk aktiv og sat i Oslo Bystyre for Arbeidarpartiet, i formannskapet 1935. Grepp var vararepresentant til Stortinget 1928-36.[2] Ein kort periode var ho med i Mot Dag.

Grepp sat i styret for Norsk Film A/S frå 1935, og var medlem og formann i styret for Oslo Kino. Ho var òg med i representantskapet for Oslo Filharmoniske Orkester, Nationaltheatret og Folketeatret, i tillegg til fleire andre verv.

Rachel Grepp døydde i Oslo.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rachel_Grepp» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Rachel Helland Grepp 75 år» i VG (5.3.1954)
  3. rachelgreppheimen.no, arkivert frå originalen 18. juli 2013, henta 25. juni 2012