Rajkoke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rajkoke
fjell
none
Land Flag of Russia.svg Russland
Område Kurilane
Fjelltype Stratovulkan
Høgd 551 moh
Siste utbrot 1924
Koordinatar 48°17′30″N 153°14′30″EKoordinatar: 48°17′30″N 153°14′30″E
Wikimedia Commons: Raikoke

Rajkoke (russisk Райкоке, japansk 雷公計島) er ei lita vulkansk øy med ein diameter på om lag 2,5 km. Ho er 551 meter over havet høg og høyrer til Kurilane i Russland. Vulkanen er framleis aktiv og det siste kjende utbrotet skjedde i 1924.

Rajkoke er ein av fem store ynglestadar for stellersjøløver i Kurilane og har den største kolonien av havhest i Kurilane. Kaptein Henry James Snow rapporterte i 1883 at 15 000 nordleg pelssel heldt til på øya. Men alt i 1890-åra var det berre få att på grunn av rovdrift av pelsjegarar. I dag er det ikkje pelssel att på Rajkoke i det heile.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]