Feklistova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feklistova
øy
Land  Russland
Del av Sjantarøyane
Kart
Feklistova
55° N 137° E

Feklistova (russisk Остров Феклистова eller Ostrov Feklistova) er ei av Sjantarøyane i Okhotskhavet. Ho høyrer administrativt til Khabarovsk kraj i Russland. Med eit areal på 372 km² er ho den nest største øya i øygruppa.

Feklistova ligg om lag 20 km vest for Bolsjoj Sjantar, hovudøya i øygruppa. Feklistova er dekt av taiga og har ein om lag 3 km lang innsjø på nordkysten.

Øya er ein del av «Kondjor-Felikstov metallogenbelte» og har vaskemalmførekomstar.[1] med mineral som «svartsandplatina».[2] Beltet er eit av dei store metallogenbelta i Nordaust-Asia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Placer on Feklistov Island[daud lenkje]
  2. Platinum, arkivert frå originalen 8. juli 2012, henta 19. juli 2008