Spafarjevøyane

Koordinatar: 59°10′N 149°03′E / 59.167°N 149.050°E / 59.167; 149.050
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spafarjevøyane
øy
Land  Russland
Kart
Spafarjevøyane
59°11′00″N 149°05′00″E / 59.183333333333°N 149.08333333333°E / 59.183333333333; 149.08333333333

Spafarjevøyane eller Spafarjevøya (russisk Остров Спарафьева; Ostrov Spafarjeva) er ei relativt stor dobbeløy i Okhotskhavet i Magdan oblast i Russland. Dei ligg 7 km aust for Antamlanhalvøya (òg kalla Khmitevskij), den sørlegaste halvøya rundt Tauiskbukta (Тауйсская губа; Tauhskaha Guba), eller på vestsida av den større bukta rundt Magadan.

Spafarjevøyane består av to øyar som er knytt saman av ei smal landtunge som er mindre enn 750 meter brei.

  • Den nordlege «øya», Rjabokonøya (Ostrov Rjabokon), er nesten trekanta. Ho er den største av dei to og er 9 km lang og opp mot 5 km brei.
  • Sjølve Spafarjevøya er den sørlege av dei to. Ho er nesten forma som hovudet på ein spade og er 7 km lang og opp mot 4,5 km brei.

Spafarjevøyane er kalla opp etter generalmajor Leontij Spafarjev (1765-1847) i den russiske marinen. Sparfajev var leiar for administrasjon av fyra og kartograf i den russiske admiraliteten.[1]

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. L. Spafarjev, arkivert frå originalen 26. november 2007, henta 9. august 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°10′N 149°03′E / 59.167°N 149.050°E / 59.167; 149.050