Sjantarøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjantarøyane i Okhotskhavet.

Sjantarøyane (russisk Острова Шантарские; Ostrova Sjantarskije) er ei gruppe på femten øyar i Udabukta sørvest i Okhotskhavet i Khabarovsk kraj i Russland. Øyane ligg utanfor kysten av Sibir. Dei fleste øyane er kuperte klipper og det høgaste punktet i øygruppa er 720 meter over havet.

Den største øyane i Sjantarøyane er Bolsjoj Sjantar (1 790 km²). Ho er 72 km lang og 49 km brei. Her ligg ein stor brakkvassjø (Bolsjojesjøen) i nord som er knytt til resten av havet via eit smalt sund. Det finst nors i denne sjøen.[1]

Andre øyar i øygruppa er Feklistovaøya (372 km²), Maly Sjantar, (100 km²), Prokofjeva, Sakharnaja Golova, Belitsjij, Kusova, Ptitsjij, Utitsjij, Juzjnyj og Medvezjij, som ligg like utanfor kysten.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Det er ingen permanente busetnader på Sjantarøyane, men dei vert ofte vitja av kommersielle fiskarar som nyttar dei som base. Andre økonomiske føretak på øya er pelsjakting, samt tømmerhogst, som tidlegare ofte vart utført ulovleg.[2] Det er granskogar på dei største øyane.[3] Andre tre i taigaen på øyane er sibirsk furu og fjellfuru.

Sjølv om det er få spor etter menneskeleg påverknad er økosystemet på Sjantarøyane truga. Det er mange utryddingstruga dyreartar på øyane, inkludert nordfiskeugle, fiskeørn, svartstork, gråstrupedykkar, jaktfalk, eremittsnipe, stellerhavørn og sibirrype. [4]

Brunbjørn, sobel og mår er vanlege på Sjantarøyane.[5]

Havområdet rundt øyane er isdekt om lag åtte månader av året, så dei er landfaste det meste av tida. Storkobbe, grønlandskval og gråkval er vanlege i farvatnet utanfor øyane.

Den største trugselen til miljøet på Sjantarøyane er eit foreslått tidvasskraftverk, som ein for tida ikkje har god nok økonomi for å byggje.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første dokumenterte utforskinga av Sjantarøyane var i april 1640 då den russiske utforskaren Ivan Moskvitin visstnok segla til munningen av elva Amur med ei gruppe kosakkar og fekk auge på Sjantarøyane på veg tilbake. Moskvitin rapporterte oppdaginga til fyrst Sjtsjerbatov, ein voivode frå Moskva i Tomsk. Basert på nedteikningane til Ivan Moskvitin vart det første russiske kartet av Det fjerne austen teikna i mars 1642.

Sjantarøyane vart utforska av russarar mellom 1711 og 1725.[6]

Det er planar om å erklære Sjantarøyane nasjonalpark i 2010.[4]

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Mensjikovøya (Остров Меньшикова; Ostrov Mensjikova) 54°36′N 139°14′E ligg 71 km aust for Kusovøya. Ho er 7 km lang og 1,6 km på det breiaste.
  • Rejnekeøya (Остров Рейнеке; Ostrov Rejneke) 54°19′N 139°47′E ligg 45 km søraust for Mensjikovøya. Ho ligg nær eit nes ved kysten. Ho må ikkje forvekslast med Rejnekeøya nær Russkijøya i Vladivostokbukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bolsjojesjøen, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 8. august 2008 
  2. Ulovleg jakt og fiske på Sjantarøyane
  3. Taiga på Sjantarøyane, arkivert frå originalen 23. juli 2011, henta 8. august 2008 
  4. 4,0 4,1 4,2 Økosystem: Sjantarøyane (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 17. mai 2008, henta 8. august 2008 
  5. Fauna
  6. Russiske oppdagingar i Arktis og Stillehavet av A. V. Efimov

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 55°00′N 137°36′E