Reidar Øksnevad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar Øksnevad
Fødd 13. mai 1884
Kristiansand
Død

31. januar 1958

Yrke bibliotekar, journalist

Reidar Adolf Peter Karl Øksnevad (fødd 13. mai 1884 i Kristiansand, død 31. januar 1958 i Oslo) var ein norsk bibliotekar, litteraturhistorikar, bibliograf og statsstipendiat.

Han var lærarson og sju år eldre bror av radiomannen Toralv Øksnevad. Han tok artium i Bergen 1904, og studerte så litteratur ved Universitetet i Oslo. Han vart cand.philol. 1910 på ei premiert avhandling om Maurits Hansen. I 1905 arbeidde han som journalist i Bergens Tidende, frå 1910-1912 som litteraturkritikar i Verdens Gang og 1911-1913 for Norlis forlag.

Øksnevad reiste i 1912 til Paris og vart buande der i 34 år. Han arbeida som lektor i norsk ved Sorbonne 1913-17 og 1918-19, og som bibliotekar ved den norske avdelinga av Bibliothèque Sainte Geneviève 1924-28 og 1940-45. I denne perioden skreiv han artiklar for fleire aviser og tidsskrift, bøker som Fransk og norsk : pariserbreve og artikler (1920), og redigerte fleire antologiar av typen Fransk elskovsfilosofi (1922), Gamle franske livsfilosofer (1923), Franske prosadigte (1925) og Tysk livsvisdom (1920).

Den viktigaste innsatsen til Øksnevad er likevel dei tre seriane hans av bibliografiar:

  • Utlandet i norsk litteratur. Han redigerte ein serie selektive bibliografiar med titlar som Danmark i norsk litteratur (1953). I alt kom det ut ni slike oversiktar over korleis kultur, historie og samfunn i desse landa er skildra i norsk litteratur.
  • Avisen og norsk litteratur. Han redigerte fire bibliografiar med titlar som "Social-demokraten" og norsk litteratur 1886-1923, som omfattar skjønnlitterære bidrag og litteraturkritikk i vedkommende aviser. Bibliografiane omfatta forutan Sosial-demokraten òg Dagbladet, Tidens Tegn og Verdens Gang.
  • Dei to bibliografiane hans Norsk litteraturhistorisk bibliografi 1900-1945 og Norsk litteraturhistorisk bibliografi : 1946-1955 er framleis grunnleggjande kjelder.

Han vart utnemnt til statsstipendiat i 1950, og var medlem av Vitskapsakademiet frå 1956. Etter han døydde fall boksamlinga hans til Universitetsbiblioteket i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • sambok 42 bøker skrevet/redigert av Øksnevad