Reinhard Schwarzenberger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reinhard Schwarzenberger
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 7. januar 1977
Saalfelden
Idrett skihopping
Yrke skihoppar

Reinhard Schwarzenberger (fødd 7. januar 1977) er ein austerriksk tidlegare skihoppar frå Saalfelden i forbundslandet Salzburg. Han vann to bronsemedaljar i laghopp med Austerrike. Den fyrste kom under vinter-OL 1998 i Nagano, den andre året etter i Ramsau under ski-VM 1999 på austerrikske heimegrunn. Hans beste individuelle prestasjon var tredjeplassen i den tysk-austerrikske hoppveka 1995/96.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Schwarzenberger debuterte i verdscupen i Oberstdorf romjula 1994. Han overraska stort ved å vinne rennet, 1,2 poeng framom landsmannen Andreas Goldberger, med tyske Jens Weissflog på tredjeplass. Seinare i sesongen vart han nummer to i eit renn i Kuopio. Han deltok i mars månad i verdsmeisterskapen i Thunder Bay, med ein sjuandeplass i storbakken som beste prestasjon.

Schwarzenberger sigra i nyttårshopprennet 1996 i Garmisch-Partenkirchen, og kom på tredjeplass samanlagt i den tysk-austerrikske hoppveka 1995/96, berre den suverene Jens Weissflog og finske Ari-Pekka Nikkola var betre. Same sesongen vart han nummer ni i verdscupen, hans beste plassering i turneringa.

Saman med Stefan Horngacher, Martin Höllwarth og Andreas Widhölzl vann Schwarzenberger den olympiske bronsemedaljen i laghopp under OL 1998 i Nagano. Året etter, under VM 1999 i Ramsau, fekk dei same fire nye bronsemedaljar i same øvinga.

Etter 1999-sesongen klarte ikkje Schwarzenberger lengre å hevde seg mellom verdas beste skihopparar. Berre sjeldan makta han å kome blant dei ti beste på resultatlista, endå om han deltok i mange renn opp til 2005. Han la opp som skihoppar i 2007.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land
30. desember 1994 Oberstdorf Tyskland
1. januar 1996 Garmisch-Partenkirchen Tyskland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]