Stefan Horngacher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stefan Horngacher
Stefan Horngacher.jpg
Fødd 20. september 1969
Wörgl
Yrke skihoppar, skihopptrener
Stefan Horngacher på Commons

Stefan Horngacher (fødd 20. september 1968) er ein austerriksk, tidlegare skihoppar frå Wörgl i Tirol. Han vann to VM-gull, 1991 og 2001, med Austerrike i laghopp, samt fem bronsemedaljar i laghopp i ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar i tida 1992-2001.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Horngacher slo gjennom internasjonalt i 1990/91-sesongen, då han endå på fjerdeplassen i den totale verdscupen. I løpet av sin lange karriere vann han to renn i verdscupen. Den fyrste sigeren kom i skiflyging i 1991 i Kulm og den andre i Zakopane i 1999.

Sesongane 1995 og -96 var Horngacher mykje plaga av sjukdom, alvorleg smitta av Yersinia-bakterien, og deltok knappast i hoppbakken.

Horngacher vann heile sju VM- eller OL-medaljar med Austerrike sine lag i laghopp. Derimot vann han ingen individuelle medaljar i dei store meisterskapane. Hns beste plasseringar i verdsmeisterskap kom under Ski-VM 2001 i Lahti, der han vart nummer fire i normalbakken og nummer fem i storbakken. Det var i den same meisterskapen at han vann VM-gull i laghopp i normalbakken, og fekk bronse i laghopp i storbakken.

Han la opp i 2002.

Medaljar i laghopp i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land
24. januar 1991 Bad Mitterndorf Austerrike
16. januar 1999 Zakopane Polen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]