Hopp til innhald

Andreas Goldberger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Goldberger


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 29. november 1972 (52 år)
Ried im Innkreis
Idrett skihopping
Tok del i Vinter-OL 1998, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Laghopp
Utmerkingar ærestegn i gull av Ærestegnet for fortjenester, Romy

Andreas Goldberger (fødd 29. november 1972) er ein tidlegare austerriksk skihoppar. Han var ein av dei mestvinnande skihopparane på 1990-talet. Han var òg ein av dei mest populære hopparane, ikkje minst på grunn av den sympatiske veremåten hans og den positive haldninga.

Narkotikaskandalen

[endre | endre wikiteksten]

I 1997 innrømma Goldberger misbruk av kokain. Han blei utestengt av det austerrikske skiforbundet i seks månader. Goldberger vurderte å bytte forbund og konkurrere for Serbia, men han ombestemte seg, og blei verande i det austerrikske forbundet.

29. mai 2005 la Goldberger opp etter ei lang og innhaldsrik karriere, men er endå prøvehoppar i verdscuprenn i områda rundt Tyskland og Austerrike. Så seint som i 2008 var han godt med på notane som prøvehoppar, og var føre godt over halvparten av hopparane.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]