Hopp til innhald

Martin Höllwarth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Höllwarth


StatsborgarskapAusterrike
Fødd13. april 1974 (51 år)
Schwaz
Idrettskihopping
Tok del i Vinter-OL 2002, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Laghopp

Martin Höllwarth (fødd 13. april 1974) er ein austerriksk tidlegare skihoppar frå Schwaz i Tirol. Han vann to individuelle OL-sølv i 1992 og ei VM-bronse i 2001. Både i 2001 og 2005 var han med på austerrikske firemannslag som vann VM-gull, siste gongen til og med to gullmedaljar. Höllwarth representerte skiklubben SC Mayrhofen.

Höllwarth var ein av dei fyrste austerrikske skihopparane som hoppa med V-stil. I 1991, knapt sytten år gammal, vart han juniorverdsmeister i skihopping. Han debuterte i verdscupen romjula 1991, der han vart nummer fire i opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Straks etter hoppveka fekk han i Predazzo sin fyrste siger i eit verdscuprenn. Seinare i OL-sesongen vann Höllwarth tre sølvmedaljar under vinter-OL 1992i Albertville. I normalbakken kom han bakom landsmannen Ernst Vettori og i storbakken var finske Toni Nieminen dein som overgjekk han. I lagtevlinga fekk Höllwarth sølvmedalje saman med Ernst Vettori, Andreas Felder og Heinz Kuttin.

Dei fem sesongane 1993-97 var Höllwarth sjeldan å finne dei beste på resultatlistene i verdscupen. Berre ein og annan gongen slumpa han til å gjere to gode hopp, og kunne dermed notere seg for nokre få sigrar.

Frå 1998 til 2005 var Höllwarth tilbake mellom dei beste skihopparane i verda. Særleg flink og stabil var han i dei fire siste sesongane i perioden, og både i 2004 og 2005 kom han på femteplassen i verdscupen. Höllwarth vann åtte individuelle verdscuprenn, det fyrste i januar 1992 og det siste i januar 2005. 28 gongar (8-6-14) kleiv han på pallen i verdscuprenn.

Höllwarth la opp som skihoppar i 2008. Han bur i dag i Mieming.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Medaljar i laghopp i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Verdscupsigrar

[endre | endre wikiteksten]
Nr.DatoStadLand
1.10. januar 1992PredazzoItalia
2.19. desember 1992SapporoJapan
3.5. februar 1997WillingenTyskland
4.7. desember 2002TrondheimNoreg
5.14. desember 2002Titisee-NeustadtTyskland
6.15. desember 2002Titisee-NeustadtTyskland
7.18. januar 2004ZakopanePolen
8.6. januar 2005BischofshofenAusterrike

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]