Richard Bergh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Bergh i 1904
Målaren Eva Bonnier, 1889
Motiv frå Visby, 1894
Nordisk sommarkväll, 1900

Sven Richard Bergh (28. desember 185829. januar 1919) var ein svensk målar, forfattar og museumsmann. Frå 1915 var han leiar av Nationalmuseum i Stockholm, elles kjend for sitt sterke engasjement for Konstnärsförbundet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bergh var son til kunstnarane Edvard Bergh og Amanda Helander. Han utdanna seg i fødebyen Stockholm, fyrst hos Edvard Perséus, sidan mellom 1878 og 1881 på Konstakademin, der han møtte Nils Kreuger og Karl Nordström. I den perioden måla han for det meste scener or den svenske historia, forma i ein akademisk stil. Bergh reiste så til Paris for å studere med Jean-Paul Laurens og ved Académie Colarossi (1881-84). Han debuterte på Parissalongen i 1883.

Frå 1885 var Bergh ein av dei fremste talsmennene for ei gruppe målarar kalla Opponenterna, , saman med Ernst Josephson og andre nordiske målarar i kunstnarkoloniane i Paris og Grez-sur-Loing. Desse sette seg opp mot dei konservative tendensane i kunstakademiet i Stockholm. Året etter grunnla dei Konstnärsförbundet, ein organisasjon som gjennom fleire tiår arbeidde for å fremje dei nye stilretningane i målarkunsten, mellom anna ved å drive ein målarskule i Stockholm. Bergh var sekretær for organisasjonen.

Bergh laga mest portrett og landskap. Under opphaldet i Frankrike vart han han påverka av naturalismen og en-plein-air måleriet, utan å ta inntrykk frå impresjonismen. Hans 1880-tals måleri var prega av den rådande realismen, med innslag frå nyromantiske straumdrag. Karakteristisk for Bergh sine portrett er Konstnären Nils Kreuger. I 1885 måla han også eit portrett av kjærasten Helena Klemming, som han året etter gifta seg med og då måla eit velkjent hustruportrett.

Mot slutten av 1880-åra utvikla Bergh ein meir kjenslevar og nesten morbid tone i sine verk. Vinteren 1886 arbeidde han med Hypnotisk seans i Paris. Kona stod modell for det symbolistiske måleriet Flickan och Döden, før ho døydde av ein ulækjeleg sjukdom i 1889. Portretta hans frå same tid viser ei liknande utvikling med psykologiske overtonar, som i dei dystre og gripande portrettskildringane av Eva Bonnier, August Strindberg (1905) og av Gustaf Fröding, det siste eit like fengslande som treffande bilete av ein tragisk diktargestalt.

Bergh reiste i 1893 til Varberg, for å danne ein kunstnarkoloni på staden. Saman med Kreuger og Karl Nordström var han leiande for det som seinare vart kjend som Varbergsskolan. Heile kunstnargruppa utvikla eit særleg medvit om korleis lyset og landskapet kan skape mystikk og romantikk. For Bergh vart kjensla for det nordiske landskapet ytterlegare forsterka i møtet med kontrastane i Italia under ei utanlandsreise dit i 1897-98. Sansinga av det nordiske lyset er tydeleg i eitt av hans mest kjende måleri; Nordisk Sommarkväll. Motivet syner prins Eugen og songaren Karin Pyk på ein balustrade ser ut over Kyrkviken, som badar i ei gullskimrande kveldsstemning. Måleriet sameiner den italienske renessanse-komposisjonen med motiv frå tidleg 1800-tals tysk romantikk og samtidig symbolistisk tendens frå Pierre Puvis de Chavannes og Paul Gauguin. Biletet har vorte sett som ei personifisering av ånda i den svenska nasjonalromantikken.

Bergh var gjennom lang tid ein forgrunnsfigur i svensk kunstliv. I 1915 vart han leiar av Nationalmuseum, der han innleia eit gjennomgripande arbeid med å fornye retningslinjene for utstilling og kunstkjøp. Han var òg ein lysande skribent, skreiv mange artiklar og essay om nye retningar i kunstverda. Sitt syn på kunsten formulerte han i Hvad vår kamp gällt (1905), essaysamlinga Om konst och annat (1908). I skriftet Konstmuseet som skönhetsvärld seier han at «konstmuseet ska vara som ett skönhetens hem öppet för hela folket».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Richard Bergh

Kjelder[endre | endre wikiteksten]