Ride My See-Saw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ride My See-Saw
av The Moody Blues
frå albumet In Search of the Lost Chord
B-side «A Simple Game» (UK)
«Voices in the Sky» (USA)
Utgjeve 12. oktober 1968
Innspelt 17. mai 1968
Sjanger Rock
Lengd 3:39
Selskap Deram Records
Låtskrivar(ar) John Lodge
Produsent Tony Clarke
The Moody Blues-kronologi
«Voices in the Sky»
(1968)
Ride My See-Saw «Never Comes the Day»
(1969)


«Ride My See-Saw» er ein song frå 1968 av det engelske progrockbandet The Moody Blues. Han vart skriven av bassisten i bandet, John Lodge, og først gjeven ut på albumet In Search of the Lost Chord. Songen var den andre singelen frå albumet. Den første var «Voices in the Sky». «Ride My See-Saw» er ein av dei energiske rockesongane John Lodge var kjend for, og vert stundom rekna som ein av dei mest populære songane hans for the Moody Blues i lag med «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)».

Singelen vart gjeven ut i oktober 1968 med Mike Pinder sin «A Simple Game» som B-side. «A Simple Game» vart sidan spelt inn av Four Tops og denne nådde 3. plass i Storbritannia i 1972. Songen vart òg sampla av Phi Life Cypher på songen «Free».

På dei fleste konsertane til the Moody Blues vert «Ride My See-Saw» spelt som ekstranummer.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
Storbritannia 42
Billboard Hot 100 61

I media[endre | endre wikiteksten]

Ein instrumental versjon av «Ride My See-Saw» vart nytta som kjenningsmelodi for det kanadiske frokostshowet Canada AMCTV i 1970-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]