Roger Joseph Boscovich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Roger Joseph Boscovich
Rudjer Boskovic.jpg
Portrett av Robert Edge Pine, London, 1760.
Fødd 18. mai 1711(1711-05-18)
Dubrovnik, Kroatia
Død 13. februar 1787 (75 år)
Milano, Hertugdømet Milano
Nasjonalitet Ragusa
Område Teologi, fysikk, astronomi, matematikk, naturfilosofi, diplomati, poesi
Yrke fysikar, astronom, matematikar, filosof, diplomat, lyrikar, teolog, prest, polyhistor, historikar, forskar, skribent, geistelig, universitetslærar
Institusjonar Gregoriana
Kjend for føregjengar til atomteorien, grunnla Brera-observatoriet
Influerar G. W. Leibniz
Medlem Royal Society
Det russiske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg

Roger Joseph Boscovich (18. mai 171113. februar 1787) var ein dalmatisk matematikar og astronom.

Boscovich vart 15 år gammal oppteken i Jesuittordenen og var frå 1740 professor ved Collegium Romanum. Han leverte mange astronomiske arbeid om kikkertkonstruksjon, tyngdekrafta og forma på jorda, men det meste kjende matematiske arbeidet hans omhandlar sfærisk trigonometri og polynomialsatsen. Saman med den britiske jesuitten Maire føretok Boscovich ei gradmåling ved Roma. I 1771 kom Theoria philosophiae naturalis ut, der han diskuterer ein atomteori. I 1764 vart Boscovich professor i Pavia, men då Jesuittordenen vart oppheva i Italia overtok han ei stilling i den franske marineadministrasjon, særskild oppretta for han. Dei siste åra var han i Italia med utgjevinga av dei samla verka sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Roger Joseph Boscovich
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Roger Joseph Boscovich