Romain Mesnil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romain Mesnil


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 13. juni 1977 (46 år)
Le Plessis-Bouchard
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Romain Mesnil (fødd 13. juni 1977) er ein fransk tidlegare stavhoppar frå Le Plessis-Bouchard. Han vann to VM-sølv og eitt EM-sølv i øvinga i tida 2006-09.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mesnil i tilløpet

Mesnil sette personbeste sommaren 1998 med 5,80 meter, den 1. august 1999 svinga han seg over 5,93 m under eit stemne i Göteborg. I dei internasjonale meisterskapane utandørs lukkast han derimot ikkje før enn ved VM 2001, der han med årsbestehopp på 5,85 m vart nummer fem. Den 5. august 2003 gjorde han sitt livs beste stavhopp då han klarte 5,95 meter i Castres i heimlandet.

Dei svake meisterskaps-prestasjonane heldt fram, fyrst i EM 2006 lukkast Mesnil melde seg på i medaljestriden. Under vanskelege tilhøve i Göteborg tok han seg over 5,65 m i fyrste forsøk, noko som gav han sølvmedalje, ein medaljeplass han delte med Tim Lobinger frå Tyskland. Året etter presterte Mesnil årsbeste ved verdsmeisterskapen i Osaka, der han lukkast i sitt andre forsøk på 5,86 m og tok sølvmedalje, Brad Walker frå USA tok høgda i fyrste forsøk og vart verdsmeister. Også under VM 2009 i Berlin gjorde Mesnil årsbeste og vann sølv, då med 5,85 meter, Steven Hooker frå Australia vann tevlinga med 5,90 m.

Mesnil vart fransk meister i stavhopp sju gongar i tida 1998-2011. Han la opp i 2013.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]