Roman Jakobson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roman Jakobson

Fødd29. september 1896
Moskva
Død18. juli 1982
Cambridge i Massachusetts
NasjonalitetDet russiske imperiet, Sovjet-Russland, Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia, USA
Områdespråkvitskap, strukturalisme, poetikk, morfologi, russisk litteratur
Yrkelingvist, litteraturvitar, pedagog, historikar, skribent, kritikar, lærar
InstitusjonarHarvard University
Massachusetts Institute of Technology
Masaryk-universitetet
Alma materFakultet for historie og filologi ved Universitetet i Moskva
Filozofická fakulta Německé univerzity v Praze
EktefelleSoňa Haasová
MedlemSerbias vitenskaps- og kunstakademi
American Academy of Arts and Sciences
Det polske vitenskapsakademi

Roman Jakobson (russisk Роман Осипович Якобсон Roman Osipovič Jakobson; (18961982) var ein russisk-jødiske lingvisten som var med og skipa Lingvistkrinsen i Praha i 1926. Han fekk meir å seie for utviklinga av lingvistikken på 1900-talet enn dei fleste, og fonologien stod sentralt i arbeidet hans.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han flykta frå Tsjekkoslovakia i 1939, før den tyske innmarsjen, og drog til Norden, fyrst til Danmark og Noreg, der han hadde nær kontakt med den norske lingvisten Alf Sommerfelt, og så vidare til Sverige då tyskarane kom. I 1941 drog han til USA; i 1943 fekk han eit professorat ved Columbia University; i 1949 blei han kalla til Harvard University; frå 1957 underviste han òg ved granneinstitusjonen Massachusetts Institute of Technology (MIT). Mellom dei fremste elevane til Roman Jakobson er den latvisk-amerikanske jødiske lingvisten Morris Halle (1923–), som byrja å studere ved Columbia University etter at han hadde teke mastergraden i lingvistikk ved University of Chicago i 1946, og som i 1951 blei professor ved MIT.[1]

Vitskapleg arbeid[endre | endre wikiteksten]

I 1952 gav Roman Jakobson og Morris Halle ut boka Preliminaries to speech analysis : the distinctive features and their correlates i lag med den svenske fonetikaren Gunnar Fant (1919–1909).[2] Her presenterer dei eit sett med distinktive trekk som var meint å uttrykkje alle distinktive opposisjonar i alle språk i verda.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jamfør heimesida til Morris Halle ved MIT: http://web.mit.edu/linguistics/people/faculty/halle/index.html
  2. Preliminaries to speech analysis : the distinctive features and their correlates. Av Roman Jakobson, C. Gunnar M. Fant, Morris Halle. (Technical Report No 13.) Cambridge, Mass. : MIT.