Hopp til innhald

Romsdalshorn stoppestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romsdalshorn stoppestad

Stoppestaden i 1948
Foto: Frå Nasjonalbibliotekets samling
Stasjonsområde
Stad Romsdalshorn
Distanse 449,25
Opna 30. november 1924
Arkitekt Jernbanens Arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad
Linjer og rutedrift
Overgang
Kart
Romsdalshorn stoppestad

Romsdalshorn stoppestad var ein stoppestad på Raumabana som vart opna i 1924 og mista passasjertrafikken i 1988. Romsdalshorn er ei grend i Rauma kommune i Romsdalen, 10 kilometer aust for Åndalsnes. Stasjonen er statleg listeført og freda.

Trafikk[endre | endre wikiteksten]

Stoppestaden hadde betening som selde billettar, ekspederte gods og delte ut post. Trafikken var liten og beteninga vart inndregen allereie i 1953. I 1964 vart staden degradert til haldeplass og i 1988 vart passasjertrafikken lagt ned. Formell nedleggjing var i 1990.

Staden hadde ikkje kryssingsspor, men eit gjennomgåande 75 meter langt lastespor med godsrampe som forsvann før 1970.[1]

Betening[endre | endre wikiteksten]

Romsdalshorn var ein "kjerringstasjon" utan stasjonsmeister eller personale med sikkerhetsutdanning. Dei tilsette var ekspeditriser som selde billettar og ekspederte gods.[2]

  • Ingeborg Johansen, f. 1892, ekspeditrise frå 30.11.1924
  • Anna Syversen, f. 1892, ekspeditrise frå 15.7.1927
  • Ingeborg Jakobsen, f. 1896, ekspeditrise frå 1935 til 1944
  • Alma Helen Kjosstuen, f. 1904, ekspeditrise frå 1944 til 1953 (Postopnar til 1960)

Postopneri[endre | endre wikiteksten]

Postopneriet Romsdalshorn opna samstundes med stoppestaden 1. desember 1924.[3] Ekspeditrisene på stoppestaden bestyrte postopneriet. Då stoppestaden vart avbemanna i 1953, fortsette ekspeditrisa å handtere posten inntil 1960. Frå 1961 vart Romsdalshorn underlagt Åndalsnes, i 1968 vart det tildelt postnummer 6334 og 1. juni 1969 vart det lagt ned.[4]

Stasjonsbygninga[endre | endre wikiteksten]

Romsdalshorn vart teikna av Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad ved Jernbanens arkitektkontor og var av "Type for Raumabanen". Stasjonsbygninga vart reist mellom 1920 og 1923. Arbeidet kravde 20 322 timar og kosta 86 482 kroner. Totalsummen for heile stasjonsanlegget var 180 357 kroner.

I utsjånad er ho lik fleire andre stasjonar langs Raumabana som til dømes Bottheim, Marstein og Verma. Bygninga er ikkje lafta, som dei fleste andre, men sett opp i uisolert bindingsverk. Ho er kledd med liggjande panel og har ståande vekselpanel i gavlane. Bygninga har saltak tekt med skifer. Venteromsdøra og gavlvindauga er ramma inn av ornament i nyrokokko. I inngangen var det fyllingsdører med glasfelt. Fyrste etasje hadde ekspedisjonskontor, telegrafistrom og venterom Delar av venterommet vart teken i bruk som kvilerom for baneavdelinga i 1975. I andre etasje var det tenestebustad med tre rom og kjøken. I kjellaren var det rom for brensel, mat og kledevask. Godshuset var i ei einetasjes sidefløy.[5]

På stasjonsområdet var det privétbygning, uthus og ein vaktarbustad med uthus. Privéten vart riven etter at stasjonen fekk vassklosett rundt 1960. Vaktarbustaden var eit typehus frå Nordviken Bruk på Hamar.[6] som var kjøpt inn som bustad for oppsynsmenn, og er den einaste jernbanebygninga som står att på Romsdalshorn.

Byggjinga av Grytten vasskraftverk[endre | endre wikiteksten]

Lastesporet og godsrampa forsvann då Grytten kraftverk skulle byggjast. Kraftanlegget ligg i nærleiken av stasjonen og overtok delar av stasjonsområdet til anleggsdrifta. I bortimot ti år sto det lagerhallar, verkstader og garasjar på stasjonsområdet, og utstyr til kraftutbyggingja vart frakta med tog til Romsdalshorn. Bygningane blei rivne etter at kraftverket sto ferdig i 1975.

Flytting til Horgheim[endre | endre wikiteksten]

Stasjonsbygningen er flytta, ført opp att og restaurert som Trollveggen stasjon.
Foto: Jan-Tore Egge

Tidleg på 2000-talet skulle ny Europaveg 136 byggjast gjennom Romsdalen og over stasjonsområdet på Romsdalshorn, og stasjonen var truga av riving. Statens Vegvesen flytta difor stasjonsbygninga til Horgheim i 2006, der ho vart restaurert og skilta som Trollveggen stasjon.[7] Stasjonen står no ved den store rasteplassen under Trollveggen, like ved jernbanelina, men er ikkje sett opp som jernbanestasjon.

Tidligare hadde det vore vurdert å flytte stasjonsbygninga til Flatmark for å erstatte stasjonsbygninga som hadde vorte riven i 1984:

«

Nasjonal verneplan (2004)
Romsdalshorn stasjon er planlagt revet i forbindelse med omlegging av E136. Planarbeidet er kommet såpass langt at sanering av stasjonen ikke er til å unngå. Dette er sterkt beklagelig. For å unngå tap av nok en stasjon, bør stasjonsbygningen og priveten flyttes til nytt stoppested nærmere Trollveggen og Romsdalshorn. Dette vil gi nye muligheter for turistmessig bruk av Raumabanen.

Marstein stasjonsbygning er, med unntak av enkelte detaljer, i forholdsvis original stand. Stasjonens beliggenhet er kanskje den mest spektakulære på noen norsk jernbane, omgitt som den er av fjell i opptil 1800 meters høyde. Flatmark ekspedisjonsbygning og uthus ble revet i 1987 (skal være 1984). Samme skjebne fikk stasjonens vanntårn og pumpeverk (1977). På sikt bør det vurderes å gjenoppføre samtlige bygninger og perrong, for eksempel gjennom omplassering av en av de stasjonsbygningene som ikke prioriteres for vern på sitt nåværende sted (Lora, Romsdalshorn).

»

.

Kulturminnet[endre | endre wikiteksten]

NSB si bygningsregistrering omtala stasjonen som i god stand i 1981, men av middels verneinteresse. Bygninga var då nymalt, men hadde nokre glesne vindauge.[8] Stasjonsbygningen har seinare vorten statleg listeført og freda.

Gulltransporten[endre | endre wikiteksten]

Romsdalshorn stoppestad hadde ei sentral rolle då Noregs gullbehaldning vart sikra etter krigsutbrotet. Då Noreg vart invadert 9. april 1940, vart 3 000 gullbarrar (49 tonn) i all hast fjerna frå Noregs Bank i Oslo før den tyske invasjonsstyrka rakk fram. Gullet vart sendt med lastebilar til Lillehammer, der det vart plassert på eit godstog som frakta den verdfulle lasta til Åndalsnes. Grunna den stadige bombinga av Åndalsnes, vart toget den 20. april sendt til Romsdalshorn stoppestad, der vognene med gullet vart haldne skjult i tre dagar. Natt til 24. april henta lastebilar den verdfulle lasta og køyrde gullbarrane til Molde. Der venta eit britisk krigsskip på å få frakte gullbehaldninga ut or landet.[9]

Det hadde ikkje vore mogleg å redde gullbehaldninga viss Blücher ikkje var blitt senka av Oscarsborg festning i Drøbaksundet. Kongen, kronprinsen, medlemmar av Regjeringa, nokre sivile tenestemenn og general Ruges overkommando flykta òg gjennom Romsdalen og vidare til Molde og Tromsø.

Museum[endre | endre wikiteksten]

Til minne om desse dramatiske dagane opna entusiastar i 2018 eit museum på Romsdalshorn stoppestad.[10] Her er mellom anna stilt ut ei moderne godsvogn for å representera vognene som var gøymt på stasjonen i 1940.[11]

The Golden Train[endre | endre wikiteksten]

Frå 2024 køyres dagleg turisttoget «The Golden Train», der turistane utanom togreisa tur/retur Bjorli òg får kjennskap til andre sider av historia om Raumabana, som Gulltransporten.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 100-105. 
  2. Rauma kulturstyre (1994). Normann-samlinga. Raumabana. s. 51. ISBN 8291317011. 
  3. Poststyret (1924). Sirkulærer fra Poststyret. Nr 35-1924. s. 129. 
  4. «Opplysninger i Digitalt Museum». digitaltmuseum.org. 18. mai 2016. Henta 30. mai 2024. 
  5. NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. 
  6. Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 101. 
  7. «Jubel for Romsdalshorn stasjon». nrk.no. 26. oktober 2005. Henta 30. mai 2024. .
  8. NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. s. 22–27. 
  9. «M/S Bomma - Norwegian Merchant Fleet 1939–1945». warsailors.com. Henta 5. august 2007. 
  10. «Ny turistattraksjon i Romsdalen». vigga.no. 6. juli 2018. Henta 30. mai 2024. .
  11. «Gullvogna har åpnet dørene». Åndalsnes Avis. 11. juli 2018. Henta 30. mai 2024. .
  12. «Turisttoget The Golden Train». Henta 26. mai 2024. 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnstoff[endre | endre wikiteksten]