Roy Babbington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roy Babbington
Fødd 8. juli 1940
Kempston
Instrument

gitar, kontrabass

Sjanger jazz
Yrke bassist, gitarist

Roy Babbington (fødd 8. juli 1940 i Kempston i Bedfordshire i England) er ein rocke- og jazzbassist. Han er mest kjend som bassist i Canterbury scene-bandet Soft Machine.

I 1969 flytte han til London og vart med i bandet Delivery, eit av banda i Canterbury scene med Phil Miller, Pip Pyle og Lol Coxhill. Samstundes var han studiomusikar for jazz/fusion-musikarar som Michael Gibbs og The Keith Tippett Group (med Elton Dean). I tillegg spelte han i Centipede (1971) og på Dean-albumet Just Us. Då Delivery vart oppløyst i 1971 etter eit album med Carol Grimes kalla Fools Meeting, vart Babbington med i Nucleus.

Han medverka på album av Alexis Korner, Harvey Andrews, Mike d'Abo, Chris Spedding gog vart på denne tida medlem av banda "Schunge", Solid Gold Cadillac (med Mike Westbrook og Spedding blant andre) og Ovary Lodge.

Babbington hadde alt medverka med kontrabass til Soft Machine-albuma Fourth (1971) og Fifth (1972), før han permanent erstatta Hugh Hopper som bassist for albumet Seven.

Etter 1976 har han arbeidd med Judie Tzuke, og i 1980- og 1990-åra med Barbara Thompson, Elvis Costello, Carol Grimes, Mose Allison og BBC Big Band.

I 2008 spelte han med Soft Machine Legacy[1][2] og har erstatta den avdøde Hugh Hopper som bassisten deira i 2009.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biography at Calyx
  2. Roy Babbington at www.jazzwisemagazine.com
  3. Soft Machine Legacy on John Etheridge's web site. Retrieved 2010-01-17

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]