Karl Jenkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Jenkins
Karl Jenkins.jpg
Fødd 17. februar 1944
Penclawdd

Karl William Pamp Jenkins (fødd 17. februar 1944) er ein walisisk musikar og komponist.

Det meste av den tidlege karrieren hans var han kjend som jazz og jazz-rock-musikar og spelte mellom anna baryton- og sopransaksofon, klaverinstrument og obo, eit uvanleg instrument i jazz-samanheng. Han vart med i gruppa til jazzartisten Graham Collier og var seinare med på å grunnlegge jazzrockgruppa Nucleus, som vann den første prisen på Montreux Jazz Festival i 1970. Han vart med i Canterbury scene-progrockbandet Soft Machine i 1972 og spelte med dei til dei gav seg i 1984.

I november 1973 spelte Jenkins på konsertframføringa av Mike Oldfield sin Tubular Bells for BBC.[1]

Jenkins har laga mykje musikk for reklame og har to gonger vunne prisar på dette området. Som komponist kom gjennombrotet hans med prosjektet Adiemus. Jenkins har vore dirigent for Adiemus i Japan, Tyskland, Spania, Finland, Nederland og Belgia og i Royal Albert Hall og Battersea Power Station i London. Adiemus: Songs of Sanctuary (1995) toppa den klassiske albumlista i Storbritannia.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Jenkins er utnemnd til Doctor of Music ved University of Wales. Han har nemningane fellow og associate ved Royal Academy of Music, der eit rom er kalla opp etter han. Han er også fellow ved Cardiff University (2005),[2] Royal Welsh College of Music & Drama, Trinity College Carmarthen og Swansea Metropolitan University.

Han blei gjeven eit æresdoktorat i musikk ved Universitetet i Leicester, ein Chancellor's Medal ved Universitet i Glamorgan og æresdoktorat som vitjande professor ved Thames Valley University, London College of Music og ATriUM i Cardiff.

Karl Jenkins blei tildelt ein OBE i Den britiske imperieordenen i 2005 og ein CBE i 2010.[3][4] I 2015 blei han utnemnd til Knight Bachelor, noko som gjer at han kan bruka «sir» før namnet sitt.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]