Third

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Third
Studioalbum av Soft Machine
Utgjeve 6. juni 1970
Innspelt April og mai 1970 i IBC, London («Facelift» live i Croydon og Birmingham januar 1970)
Sjanger
Lengd 1:15:15
Selskap CBS (Storbritannia), Columbia (USA), Sony BMG (UK re-issue)
Produsent Soft Machine
Soft Machine-kronologi
Volume Two
(1969)
Third Fourth
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Christgau's Record GuideB[3]

Third er det tredje studioalbumet til det britiske jazzrockbandet Soft Machine, gjeve ut i 1970 som eit dobbeltalbum, der kvar side på den originale vinylutgåva bestod av ein enkelt lang komposisjon.[4]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Musikalsk utforskar dei den gryande jazz-fusion-stilen som Miles Davis presenterte på Bitches Brew, som kom ut berre nokre månader tidlegare. Third markerer det største av fleire musikalske skifte i karrieren til Soft Machine, og fullførte overgangen frå psykedelisk rock til jazz, og er ein viktig milepåle i Canterbury scene, med samspel mellom medlemmane i bandet: Mike Ratledge på klaverinstrument, Robert Wyatt på trommer, Hugh Hopper på bass og det nyaste medlemmet Elton Dean på saksofon. Lyn Dobson spelar saksofon og fløyte på «Facelift», spelt inn medan han var eit fullverdig medlem av bandet (då ein kvintett), sjølv om han berre er tilskriven som studiomusikar. Jimmy Hastings (bror til Pye Hastings frå Caravan) spelar òg fløyte og klarinett på «Slightly All The Time», frijazz-fiolinisten Rab Spall (då bandmedlem med Wyatt i bandet Amazing Band) kan ein høyre i avslutninga på «Moon In June» og Nick Evans (eit medlem av bandet den korte perioden dei var sju stykk) gjer ein særs kort framføring med trombone på «Out-Bloody-Rageous».

I Q & Mojo si klassiske spesialutgåve Pink Floyd & The Story of Prog Rock (2005), vart albumet plassert på 20. plass på lista over «40 kosmiske rockealbum».[5]

I 2007 vart albumet gjeven ut på ny av Sony BMG med ein heil bonus-CD med konsertopptak av heile albumet, Live at the Proms 1970, som tidlegare berre hadde vore gjeven ut på eit lite sjølvstendig selskap kalla Reckless Records i 1988. Dette albumet vart spelt inn på The BBC Proms i Royal Albert Hall i Westminster i London, for BBC Radio Three den 13. august 1970.[6][7][8] Dette var første gongen eit popband spelte på den klassiske festivalen.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Facelift»  Hugh Hopper 18:45
2. «Slightly All the Time»  Mike Ratledge 18:12
3. «Moon in June»  Robert Wyatt 19:08
4. «Out-Bloody-Rageous»  Ratledge 19:10
Bonusdisk på 2007-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Out-Bloody-Rageous»  Ratledge 11:54
2. «Facelift»  Hopper 11:22
3. «Esther's Nose Job»  Ratledge / Hopper / Wyatt 15:39

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Kurtz, Peter. «Soft Machine: Third». AllMusic. Henta 27. oktober 2016. 
  2. «50 Greatest Prog Rock Albums of All Time». Rolling Stone. 17. juni 2015. Henta 28. april 2019. 
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 12. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  4. Kurtz, Peter: Third > ReviewAllmusic. Henta 9. mars 2011
  5. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
  6. 6,0 6,1 Smith, Sid (26 February 2007). «Classic Pop/Rock Review - Soft Machine, Third / Fourth / Fifth / Six / Seven». BBC. Arkivert frå originalen 21 October 2007. Henta 9. mars 2011. 
  7. «Soft Releases 2007». www.hulloder.nl. 23 March 2007. Henta 9. mars 2011. 
  8. Breiling, Achim. «Soft Machine: Live at the Proms 1970: Review». Babyblaue Seiten. Henta 9. mars 2011.