Ruud Gullit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ruud Gullit
Ruud Gullit (2012).jpg
Fødd 1. september 1962
Amsterdam
Ruud Gullit på Commons

Ruud Dil Gullit (fødd 1. september 1962) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Amsterdam. Han vart europameister i 1988 og vann to år på rad Europacupen i fotball med AC Milan. I 1987 vart han kåra til årets fotballspelar både i Europa og i verda. Han var ein av dei ypparste midtbane-/angrepsspelarane i verda i 1980-/90-åra, med framifrå teknikk og stor fart.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Gullit, midt i biletet, under ein kamp mellom Sparta Rotterdam og Feyenoord i 1983

Gullit spelte på Haarlem i tida 1979-82. Sommaren 1982 vart han overført til Feyenoord, der han vart lagkamerat med veteranane Wim van Hanegem og Johan Cruijff. I sin andre sesong med laget frå Rotterdam vann han både cup- og seriegull, og han vart kåra til årets spelar 1984 i Nederland. Frå 1985 spelte Gullit to sesongar på PSV Eindhoven, i begge songane bidrog han mykje til at laget vann seriemeisterskapen dei to åra. Sommaren 1987 vart han overført til AC Milan mot 18 millionar nederlandske gylden, dermed vart han den til dess «dyraste» fotballspelaren i verda. I åra fram til 1993 var han ein sentral utøvar i det offensive spelet til AC Milan, saman med landsmennene Marco van Basten og Frank Rijkaard.

Sesongen 1993/94 spelte Gullit på Sampdoria og utmerkte seg med 15 seriemål og siger i den nasjonale cupturneringa. Hausten 1994 var han tre månader tilbake i AC Milan, før han i november vende tilbake til Sampdoria og fullførde sesongen. Sommaren 1995 fekk han kontrakt med London-laget Chelsea FC og spelte på laget til 1998, dei to siste sesongane som spelande trenar. I 1997 vart han den fyrste utanlandske trenaren som leidde eit lag til triumf i FA-cupen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Gullit landslagsdebuterte på 19-årsdagen i 1981. Frå 1986 til -92 danna han saman med Marco van Basten og Frank Rijkaard ein klassisk stamme i Nederlands landslag. Denne trioen var sentral då Nederland vann EM i fotball 1988 etter siger 2-0 over Russland i finalen, der Gullit skåra det andre målet. Gullit deltok også då Nederland rauk ut or Fotball-VM1990 i kvartfinalane, etter tap 1-2 mot dei komande verdmeistrane frå Vest-Tyskland. Han var òg med då landslaget i semifinalen under EM 1992 mot Danmark spelte 2-2, for så å tape straffeskytinga for det danske mannskapet som skulle kome til å verte europameister. Gullit spelte sin 66. og siste landskamp 27. mai 1994, og stoppa med 17 landslagsmål.

Nederlands landslag under EM 1988, med Ruud Gullit som nummer to frå høgre i bakre rekke

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1988 med Nederland
  • Vinnar av Europacupen: 1989, 1990 med AC Milan
  • Nederlandsk seriemeister: 1984 med Feyenoord, og 1986, 1987 med PSV Eindhoven
  • Nederlandsk cupmeister: 1984 med Feijenoord
  • Italiensk seriemeister; 1988, 1992, 1993 med AC Milan
  • Italiensk cupmeister: 1994 med Sampdoria
  • Vinnar av FA-cupen: 1997 med Chelsea FC

Heider[endre | endre wikiteksten]

  • France Football: Europas beste fotballspelar 1987. (Nr 2 i 1988)
  • World Soccer Magazine: Verdas beste fotballspelar 1987 og 1989. (Nr 2 i 1988 og nr 3 i 1993)
  • FIFA: Verdas beste fotballspelar 1987
  • Årets idrettsmann i Nederland: 1987
  • Årets fotballspelar i Nederland: 1984 og 1986
  • All Star Team i EM: 1988 og 1992

Kjelder[endre | endre wikiteksten]