EM i fotball 1992

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deltakarlanda i fotball-EM 1992

Europameisterskapen i fotball 1992 var den niande europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen vart avvikla i Sverige i tida 10. til 26. juni 1992. Danmark vann meisterskapen etter finalesiger 2-0 over Tyskland på Nya Ullevi i Göteborg. Dei 15 kampane vart fordelt på fire arenaer i like mange stader; Göteborg, Solna, Norrköping og Malmö.

Omframt vertsnasjonen, som fekk friplass, hadde England, Frankrike, Jugoslavia, Nederland, Skottland, Sovjetunionen og Tyskland kvalifisert seg til sluttspelet. 33 land deltok i kvalifiseringa, fordelt på sju grupper, som gjekk av stabelen i tida frå mai 1990 til desember 1991.

Få veker før meisterskapen vart Jugoslavia stengt ute, med bakgrunn i borgarkrigen som hadde brote ut. Danmark overtok EM-plassen då landet hadde vorte nummer to i gruppa som Jugoslavia hadde vunne. Den oppløyste Sovjetunionen deltok i meisterskapen under den inkjeseiande nemninga 'Samveldet av uavhengige statar'.

Dei åtte deltakarlanda i sluttspelet var fordelt i to like store grupper. Vinnarane i gruppene møtte så toarane i dei motsvarande gruppene til semifinalar. Semifinalevinnarane gjekk deretter til finale. Bronsefinale vart ikkje spelt.

I den fyrste semfinalen slo Tyskland gruppevinnar Sverige med 3-2. Danmark overraska så stort og slo ut den regjerande europameisteren Nederland i den andre semifinalen. Etter 120 minuttar stod det 2-2, danskane tok leiinga begge gongane. I straffeskytinga skåra alle dei fem danske utvalde, medan Danmarks målvakt Peter Schmeichel redda Marco van Basten sitt straffespark.

Fire mann skåra tre mål i EM: Dennis Bergkamp frå Nederland, Tomas Brolin frå Sverige, Henrik Larsen frå Danmark og Karl-Heinz Riedle frå Tyskland.

Lagoppstillingane til finalelaga i fotball-EM 1992

Finalen[endre | endre wikiteksten]

37 800 tilskodarar på Nya Ullevi i Göteborg fekk 26. juni 1992 sjå Danmarks fotballandslag vinne sin hittil (2015) einaste store mesiertittel. Midtbanespelaren John Jensen gav Danmark leiinga i det 18. minutt, og ein annan midtbanespelar, Kim Vilfort sikra sigeren det 78. minutt.

Det danske meisterlaget bestod av Peter Schmeichel, John Sivebæk, Lars Olsen, Torben Piechnik, Kent Nielsen, Kim Christofte, John Jensen, Henrik Larsen, Kim Vilfort, Brian Laudrup og Flemming Povlsen. Claus Christiansen kom inn for Sivebæk i det 66. minutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]