Jan Wouters
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Jan Jacobus Wouters | ||
| Fødd | 17. juli 1960 (66 år) | ||
| Fødestad | Utrecht i Nederland | ||
| Høgd | 175 cm | ||
| Posisjon | Defensiv midtbanespelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Feyenoord (assistenttrenar) | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1980-1986 | Utrecht | 168 | (21) |
| 1986-1992 | Ajax | 150 | (19) |
| 1992-1994 | Bayern München | 68 | (6) |
| 1994-1996 | PSV | 52 | (5) |
| Landslag | |||
| 1982-1994 | Nederland | 70 | |
| Trenar for | |||
| 1996-1997 | Utrecht (assistenttrenar) | ||
| 1997 | Utrecht (midlertidig) | ||
| 1997-1998 | Ajax (ungdomstrenar) | ||
| 1998-2000 | Ajax | ||
| 2001-2006 | Rangers (assistenttrenar) | ||
| 2006-2007 | PSV (assistenttrenar) | ||
| 2007 | PSV (midlertidig) | ||
| 2008-2009 | PSV (assistenttrenar) | ||
| 2009-2011 | Utrecht (assistenttrenar) | ||
| 2011-2014 | Utrecht | ||
| 2014 | Kasımpaşa | ||
| 2015- | Feyenoord (assistenttrenar) | ||
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Jan Jacobus Wouters (fødd 17. juli 1960) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Utrecht som vart europameister i 1988, og vann Cupvinnarcupen 1987 med Ajax.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Wouters spelte frå 1980 i seks sesongar på FC Utrecht, og var i 1985 sterkt delaktig då laget vart nasjonal cupmeister etter finalesiger 1-0 over Helmond. Sommaren 1986 gjekk turen til Amsterdam og Ajax. Gjennom fem og ein halv sesong i Ajax var han med å vinne den nederlandske cupen og Cupvinnarcupen, begge våren 1987, og verte seriemeister i 1990. I november 1991 vart han overført til Bayern München og spelte på det tyske storlaget i vel to år. Frå nyår 1994 gjorde han teneste i PSV Eindhoven, der han avslutta si tid som aktiv spelar med å verte cupvinnar våren 1996.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Wouters, som oftast vart tildelt ei defensiv rolle på midtbana, spelte 70 landskampar på Nederland i tida 1982-94 og skåra fire mål. Under EM i fotball 1988 spelte han alle kampane då Nederland vann meisterskapen etter tomålssiger over Sovjetunionen i finalen. Sidan fekk han mykje speletid både under fotball-VM 1990 og EM 1992. Også under VM i fotball 1994 var han med i fyrsteellevaren, og spelte sin siste landskamp då Nederland rauk ut or meisterskapen med kvartfinaletap 2-3, etter ein særs minneverdig kamp mot dei komande verdsmeistrane frå Brasil.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Europameister: 1988 med Nederland
- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1987 med Ajax
- Nederlandsk cupmeister: 1985 med FC Utrecht, 1987 med Ajax og 1996 med PSV Eindhoven
- Nederlandsk seriemeister: 1990 med Ajax
I 1990 vart Wouters kåra til årets spelar i Nederland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jan Wouters» frå Wikipedia på tysk, den 7. juni 2017.