Hans van Breukelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans van Breukelen
Hans van Breukelen.jpg
Fødd 4. oktober 1956
Utrecht

Johannes Franciscus van Breukelen, kjend som Hans van Breukelen, (fødd 4. oktober 1956) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Utrecht. Målvakta vann i 1988 Europacupen i fotball med PSV Eindhoven og vart europameister med Nederland.

Breukelen debuterte på FC Utrecht i mars 1977, og tok fast plass i fyrsteellevaren frå hausten 1978. Den 11.oktober 1980 fekk han sin landslagsdebut mot Vest-Tyskland. I september 1982 vart han overførd til det engelske topplaget Nottingham Forest for 200 000 pund, der han erstatta veteranen Peter Shilton. Breukelen spelte to sesongar i England og var i 1984 med å føre Forest til tredjeplass i 1. divisjon, seks poeng bak ligameister Liverpool FC, og til semifinalane i UEFA-cupen, der laget hans vart slått ut av belgiske RSC Anderlecht.

Hausten 1984 vende Breukelen tilbake til heimlandet og spel i PSV Eindhoven. Med PSV vart han nasjonal seriemeister fire år på rad, 1986–1989. Våren 1988 stod høgdepunkta i kø for Breukelen. Etter seriegullet var sikra, gjekk PSV heilt til topps i serievinnarcupen. I finalen mot Benfica stoppa han ei avgjerande straffe i straffeskytinga. Og i juni månad var han på plass mellom målstengene då Nederlands landslag vann EM i fotball 1988, ved å slå Sovjetunionen i finalen med 2-0. Også då redda han eit straffespark.

Sidan deltok Breukelen både i fotball-VM 1990 og i EM 1992, då Nederland tapte for komande europameister Danmark i semifinalane. Semifinalekampen var Breukelens 73. og siste landskamp. Han hadde då allereie vunne ytterlegare to seriegull med PSV; 1991 og -92. Ved sesongslutt våren 1994 la han opp.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1988 med Nederland
  • Vinnar av Europacupen: 1988 med PSV Eindhoven
  • Nederlandsk seriemeister: 1986, 1987, 1988, 1989, 1991 og 1992 med PSV Eindhoven
  • Nederlandsk cupmeister: 1988, 1989 og 1990 med PSV Eindhoven

Kjelder[endre | endre wikiteksten]