Sami Rintala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sami Rintala
Fødd 1969
Yrke arkitekt
Casagrande & Rintala: Land(e)scape (1999)
Land(e)scape vert brunne (1999)
Sixty Minute Man, 2000
Floating sauna, 2002

Sami (Juhani) Rintala (fødd i 1969 i Helsingfors) er ein finsk arkitekt og kunstnar som har etablert seg med kontor i Oslo og Bodø. Han er òg professor II ved Institutt for byggekunst, form og farge på NTNU i Trondheim.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Han studerte arkitektur på Tekniska högskolan i Helsingfors og tok eksamen i 1999.

Casagrande & Rintala[endre | endre wikiteksten]

Rintala vart først kjent for samarbeidsprosjekta sine med Marco Casagrande, som dei kalla Casagrande & Rintala. Prosjektet varte frå 1998 til 2003. I denne tida gjennomførte dei ei rekkje arkitektoniske installasjonar rundt om i verda, gjerne i samband med kunstutstillingar, til dømes på Venezia-biennalen, der dei stilte i 2000. Desse arbeida kombinerte arkitektur med kritisk tenking retta mot samfunnet, naturen og den eigenlege oppgåva til arkitekten, alt innanfor ein sjangeroverskridande kunstpraksis der dei brukte romma, ljos, materialar og menneskekroppen som uttrykksmiddel.

Land(e)scape (1999)[endre | endre wikiteksten]

Prosjektet som først gjorde Casagrande & Rintala kjent, var installasjonen Land(e)scape (1999) i Nyslott. Tre utløer som ikkje lenger var i bruk vart sett opp på ti meter høge føter for å følgja bøndene sine til byen. Slik kunne dei setja eit kritisk søkelys på avfolkinga av landbygdene. Løene vart sidan sett i brann.

60 Minute Man[endre | endre wikiteksten]

Dette prosjektet på Venezia-biennalen samla all avføring frå menneske som kom i Venezia i løpet av 60 minutt i ein gammal båt der dei planta ein hage. Slik laga dei ein tredimensjonal collage av avfallet til eit samfunn og kommenterte med det temaet til biennalen «mindre estetikk, meir etikk».

Andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

  • Installasjonen «1000 kvite flagg» Koli nasjonalpark, Finland, (2000): 1000 kvite laken frå finske mentalsjukehus sat opp på stålstenge på eit fjell i parken.
  • Installasjonen «Convoy»: Tre forlatne robåtar sett loddrett på Saimen i Rantasalmi. (2000)
  • «Quatzalcoatlus», ein arkitektonisk installasjon til Havannabiennalen i Havanna på Cuba. (2000)
  • Arkitektonisk installasjon av 15000 bøkar på Piazza Della Republica, Biennale Dell´Arta Contemporanea di Firenze 2001, Firenze, (2001).
  • Arkitektonisk installasjon i Anchorage, tvers overfor Federal Building og Museum of History and Art: Ein tempelstruktur av brukte jarnbaneoljetankar og østersskjel. (2003)
  • Installasjonen «Floating Sauna» i Rosendal.

Hotel Kirkenes har fått nemninga «sannsynlegvis det minste hotellet i verda». Det er eit hotell med berre tre sengeplassar fordelt på to soverom. Det står heilt ute på bryggekanten i Kirkenes og er bygd av tre, med vindauge på berre ei side. Hotellet vart bygd dugnad på ti dagar i 2005. Det er på 20 m² i to etasjar og har ein lobby og dei to soveromma. Det vert berre fyrt opp når det er gjester, og fyringa skjer med ved.

Arkitektverksemd[endre | endre wikiteksten]

I 2007 starta Rintala arkitektkontoret Rintala Eggertsson Arkitektar saman med den islandske arkitekten Dagur Eggertsson. Dei har kontor i Oslo og Bodø.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • I 2009 vart Rintala Eggertsson Arkitektar nominert til Mies van der Rohe Award for prosjektet Boxhome. I alt var det ti prosjekt frå Noreg som vart nominert av i alt 340 prosjekt frå heile verda.
  • I 2009 var Rintala òg ein av fem nominerte til Global Award for Sustainable Architecture.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sami Rintala nominert til prestisjeprisar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]