Santiago del Estero-provinsen
Santiago del Estero-provinsen | |||
provins | |||
|
|||
Land | Argentina | ||
---|---|---|---|
Del av | South America Midwest Integrated Zone | ||
Hovudstad | Santiago del Estero | ||
Areal | 136 351 km² | ||
Folketal | 1 060 906 (2022)[1] | ||
Santiago del Estero-provinsen 27°47′00″S 64°16′00″W / 27.783333333333°S 64.266666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Santiago del Estero Province |
Santiago del Estero (spansk uttale [sanˈtjaɣo ðel esˈteɾo]), òg kjend som Santiago, er ein låglandsprovins nord i Argentina med eit subtropisk, varmt klima. Provinsen grensar til Chaco, Santa Fe, Córdoba, Catamarca, Tucumán og Salta.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Provinsen er for det meste flat i nordaust, medan sørvest er kupert med fjellkjedene Sierra de Ambargasta, Sierra de Sumampa og Sierra de Guasayan, som tilhøyrer fjellsystemet Sierras Pampeanas og når opptil 800 meter. Jorda er salpeterhaldig, og i den sørlige delen av provinsen finnes det saltførekomstar.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Klimaet i Santiago del Estero er subtropisk. I Campo Gallo i nordaust er det målt temperaturar opp til 47,3 °C, ein av dei høgaste i Sør-Amerika. Gjennomsnittstemperaturen varierer mellom 19 °C i sør og 23 °C i nordaust. Nedbøren er høgast i aust (opptil 800 mm årleg), men vintrane er tørre i heile provinsen.
Flora og fauna
[endre | endre wikiteksten]Landskapet er ein del av Gran Chaco, dominert av open skog med tre som t. d. Prosopis, kaktusar og tornebuskar som Vinal med lange tornar. Vegetasjonen gir mat til geiter og esel, men jordsmonnet tillèt ikkje storstilt husdyrhald. Området har også eit rikt dyreliv, til dømes beltedyr og pampasviscacha (Lagostomus maximus). I fjella i Sierra de Guasayan er vegetasjonen tettare, lik regnskogen i Yungas.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Provinsens opphavlege innbyggjarar, diaguita-folket og andre etniske grupper, levde i landsbyar med jordbruk. Dei stod under innverknad frå inkaene, som innførte quechua-språket. I dag snakkar mange framleis quichua santiagueño, men språket er trua. Hovudstaden Santiago del Estero, grunnlagt i 1553, blir rekna som Argentinas eldste kontinuerleg bebudde by.
I 1816 vart Santiago del Estero ein del av dei uavhengige provinsane i Río de la Plata. Seinare fekk provinsen innverknad frå politikaren Carlos Juárez, som var ein dominerande figur i fleire tiår.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Jordbruket i provinsen er konsentrert om bomull, soya, mais, kveite og sorghum for den argentinske marknaden. Kveitedyrking har auka kraftig sidan 2000 og er no ei viktig eksportvare.
Santiago del Estero er heimstad for chacarera, ein kjent argentinsk folkemusikksjanger.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Provinz Santiago del Estero» frå Wikipedia på tysk, den 10. november 2024
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://censo.gob.ar/wp-content/uploads/2023/11/CNPHV2022_RD_Indicadores-demogrA%C2%A1ficos.pdf; vitjingsdato: 28. juli 2024.
- ↑ «La chacarera». Arkivert frå originalen 19. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Kenneth Pletcher. «Santiago del Estero - province, Argentina» (på engelsk). Encyclopædia Britannica, Inc.