Scattered av The Kinks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Scattered
Singel av The Kinks
frå albumet Phobia
B-side «Hatred (A Duet)»
Utgjeve 8. mars 1993 (Europa)
29. mars 1993 (UK/US)
Innspelt September 1990 - februar 1992
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 4:11
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi
«Only a Dream»
(UK, 1993)
---
«How Do I Get Close»
(US, 1990)
Scattered «You Really Got Me»
(2004)


«Scattered» er ein song av det britiske rockebandet The Kinks. Songen er skriven av Ray Davies og kom ut som det avsluttande sporet på albumet Phobia, det siste albumet bandet gav ut. Det var òg den siste originale singelen bandet gav ut.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Scattered» vart gjeven ut på singel i Europa som singel i 1993, 21 dagar før sjølve albumet. Songen kom så ut på Phobia. Etter songen «Only a Dream» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i Storbritannia, var «Scattered» planlagt som ein oppfølgjar til. Men då «Only a Dream» selde for dårleg, vart singelen «Scattered» kansellert, trass i at han var blitt marknadsført.[1] Likevel hamna enkelte av singlane ut på den britiske marknaden og vart eit samlarobjekt.[1] Eit år seinare droppa Columbia Records The Kinks.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hinman, Doug. All Day and All of the Night.