One of the Survivors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
One of the Survivors
Singel av The Kinks
frå albumet Preservation Act 1
B-side «Scrapheap City»
Utgjeve 20. april 1973
Innspelt 9–10. mars 1973 at Konk Studios, Hornsey, North London
Sjanger Rock
Lengd 4:31
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi
«Celluloid Heroes»
(1972)
One of the Survivors «Sitting in the Midday Sun»
(1973)


«One of the Survivors» er ein song av det britiske rockebandet The Kinks. Han kom ut i 1973 på konseptalbumet Preservation Act 1 og vart skriven av Ray Davies.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

«One of the Survivors» handlar om rollefiguren Johnny Thunder, som hadde vore omtalt i den tidlegare songen «Johnny Thunder» på The Kinks Are the Village Green Preservation Society i 1968. Sidan den gongen vert Johnny Thunder no kalla «ein av dei overlevande», men har vorte noko «overvektig, og kinnskjegget byrjar å bli grått».

Songen har òg referansar til mange musikarar frå 1950-åra, som Jerry Lee Lewis, Dion and The Belmonts og Johnny and The Hurricanes, i tillegg til songar som «Hound Dog», «Blue Suede Shoes» og «Great Balls of Fire».

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«One of the Survivors» vart først gjeven ut som singel i Amerika den 20. april 1973 med B-sida «Scrapheap City» (som seinare kom ut på Preservation Act 2). Singelen nådde 108. plassen på singellista.[1] Singelen kom ikkje ut i Storbritannia, men songen vart gjeven ut som B-side på «Sitting in the Midday Sun».

«One of the Survivors» kom òg ut på albumet Preservation Act 1 i juni 1973.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Emlen, Dave. «Kinks Chart History». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]