Mirror of Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mirror of Love
Singel av The Kinks
frå albumet Preservation Act 2
B-side «Cricket» (Storbritannia)
Utgjeve 5. april 1974 (Storbritannia)
Innspelt Januar - mars 1974
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock, dixieland
Lengd 3:26
Selskap RCA 5015
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
Britisk The Kinks-kronologi
«Where Have All the Good Times Gone»
(1973)
Mirror of Love «Mirror of Love»
(Bandversjonen)
(1974)
Amerikansk The Kinks-kronologi
«Money Talks»
(1974)
Mirror of Love «Mirror of Love»
(Bandversjonen)
(1974)


«Mirror of Love» er ein song av The Kinks frå albumet Preservation Act 2 i 1974. Han var skriven av Ray Davies og gjeven ut som den første singelen frå albumet. Først kom singelen berre ut i Storbrtannia, men ein nyinnspelt versjon kom ut på singel i både Amerika og Storbritannia.

Tekst og musikk[endre | endre wikiteksten]

«Mirror of Love» vart spelt inn som ein New Orleans-jazz, der Ray Davies sjølv spelar dei fleste instrumenta (gitar, piano og trommer), medan broren Dave Davies spelar mandoling og andre musikarar er på blåsarar.[1] Davies syng om ein av karakterane frå soga på albumet. Her er det om Belle, som er kjærasten til Falsh (hovudrolla i soga).

Bandversjonen[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om den originale albumversjonen vart gjeven ut på singel i Storbritannia, vart han spelt inn på ny med resten av bandet for singelutgåva i USA. Singelen selde dårleg. Denne versjonen kom sidan ut som eit bonusspor på Velvel-utgåva av Preservation Act 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hinman, Doug (2004). All Day and All of the Night. s. 181.