All Day and All of the Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«All Day and All of the Night»
Singel av The Kinks
B-side «I Gotta Move»
Utgjeve 23. oktober 1964
Innspelt 23. september 1964 ved Pye Studios (No. 2), London
Sjanger Hardrock, garagerock
Lengd 2:23
Selskap Pye 7N 15714 (UK)
Reprise 0334 (USA)
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Shel Talmy
The Kinks-kronologi
«You Really Got Me»
(1964)
«All Day and All of the Night» «Tired of Waiting for You»
(1965)


«All Day and All of the Night» er ein song av det britiske bandet The Kinks frå 1964. Songen vart gjeven ut på singel og nådde andreplassen på den britiske singellista og sjuandeplassen i USA.

Som den førre singelen deira, «You Really Got Me» støttar songen seg på eit enkelt powerakkord-riff, men er på denne songen hakket meir komplisert, og har ein ein H-akkord etter akkordane F og G. Elles har songen liknande rytme og struktur, korvokal, progresjon og gitarsoloar som «You Really Got Me». Songen vart plassert på 57. plass på Pure Pop si liste over dei 100 beste singlane gjennom tidene.[1]

Songen var òg tittelsporet på ein EP som vart gjeven ut i enkelte land. I Storbritannia kom songen ut på EPen Kinksize Hits, medan han i USA kom på albumet Kink-Size.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
Tyskland (Media Control AG)[2] 22
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[3] 17
Nederland (Mega Single Top 100)[4] 9
UK Singles (Official Charts Company)[5] 2
US Billboard Hot 100[6] 7

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

The Stranglers gjorde ei utgåve i 1988 som nådde sjuandeplassen på den britiske singellista. The Remains spelte òg songen. Denen vart gjeven ut på albumet A Session with The Remains. Andre som har spelt songen er the Zodiacs (1965), Quiet Riot (1995) og Status Quo (2003)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.acclaimedmusic.net/Current/pure%20pop.htm
  2. "The Kinks - All Day And All Of The Night". Charts.de. Media Control. Henta 7. april 2018.
  3. "Nederlandse Top 40 – The Kinks - All Day And All Of The Night search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 7. april 2018.
  4. "Dutchcharts.nl – The Kinks – All Day And All Of The Night" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 7. april 2018.
  5. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 7. april 2018.
  6. «The Kinks – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 7. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]