The Village Green Preservation Society

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Village Green Preservation Society
Singel av The Kinks
frå albumet The Kinks Are the Village Green Preservation Society
B-side Do You Remember Walter?
Utgjeve November 1968
Innspelt August 1968
Sjanger Folkrock
Lengd 2:49
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
Amerikansk The Kinks-kronologi
Starstruck
(1969)
The Village Green Preservation Society Victoria
(1969)


«The Village Green Preservation Society» er ein song av det engelske rockebandet The Kinks. Songen er skriven av Ray Davies og er ein nostalgisk refleksjon på den kulturelle livsstilen på den engelske landsbygda og nemner fleire trekk ved dette, som Tudor-hus og fatøl. Samstundes er teksten negativ til moderne, industrielle rekk som kontorblokker og skyskraparar.

Songen er opningsspor på The Kinks Are the Village Green Preservation Society, og set temaet for stort sett resten av albumet. I følgje AllMusic er det òg den mest kjende songen frå albumet.[1]

Songen har vore ein del av konsertane til The Kinks. Songen inspirerte til slagordet til bandet, «God Save the Kinks».[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

«The Village Green Preservation Society» har generelt fått god omtale. Rolling Stone trekte fram vokalen i songen og skreiv at «melodien, rytmen er ein fryd på kvart vers».[2]

Songen var den andre singelen i Amerika frå The Kinks Are the Village Green Preservation Society (etter «Starstruck»), men gjekk ikkje inn på salslista.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt spelt av visesongaren Kate Rusby og kom ut som bonusspor på albumet Awkward Annie i 2007. Versjonen vart spelt inn som kjenningsmelodi til den britiske situasjonskomedien Jam and Jerusalem.

Ray Davies sjølv spelte inn ein versjon med Crouch End Festival Chorus for albumet The Kinks Choral Collection i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stewart Mason. «The Village Green Preservation Society - The Kinks | Listen, Appearances, Song Review». AllMusic. Henta 8. april 2018. 
  2. Paul Williams (14. juni 1969). «Village Green Preservation Society | Album Reviews». Rolling Stone. Henta 8. april 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «AllMusic review».