Sunny Afternoon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Sunny Afternoon»
Singel av The Kinks
frå albumet Face to Face
B-side «I'm Not Like Everybody Else»
Utgjeve 3. juni 1966
Innspelt 13. mai 1966; Pye Studios (No.2), London
Sjanger Rock
Lengd 3:36
Selskap Pye 7N 17125 (UK)
Reprise 0497 (US)
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Shel Talmy
The Kinks-kronologi
«Dedicated Follower of Fashion»
(1966)
«Sunny Afternoon» «Dandy»
(1966)


«Sunny Afternoon» er ein song av The Kinks, skriven av Ray Davies[1]. Songen vart seinare gjeven ut på albumet Face to Face. Den tydelege varietéstilen og tekstinnhaldet var ei ny retning for bandet (som hadde starta året før med «A Well Respected Man»), etter at bandet starta med langt meir tyngre rock i 1964-1965.

Songen kom ut 3. juni 1966 og gjekk til topps på den britiske singellista 7. juli 1966, og vart liggande der to veker. Han gjekk òg til tops i Irland og var den einaste førsteplassen The Kinks fekk i Noreg der han låg fire veker på topp. «Sunny Afternoon» vart plassert på 200. plass på Pitchfork Media si liste over dei 200 største songane på 1960-talet.[2]

Det vart filma ein musikkvideo for singelen, som ironsk syner bandet i eit kald og snørikt miljø.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
Australia 13
Canada RPM 1
Tyskland 7
Irland 1
Nederland 1
New Zealand (Listener)[3] 2
UK [4] 1
U.S. Billboard Hot 100 [5] 14
U.S. Cash Box Top 100[6] 11

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)[7] 154

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt spelt av mange andre artistar som:

Det er skrive to norske versjonar av songen. Den første vart skriven av Jahn Teigen, Herodes Falsk og Tom Mathisen i Prima Vera i 1978 og kalla «Svunnen tid». Den andre vart skriven av Helge Grønhaug og kalla «Solen over by'n» og spelt inn av De musikalske dvergene og Frode Alnæs i 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Intervju med Ray DaviesBBC
  2. Dei 200 største songane på 1960-talet
  3. «flavour of new zealand - search listener». http://www.flavourofnz.co.nz/index.php?qpageID=search%20listener&qartistid=489#n_view_location. Henta 8. april 2018. 
  4. «Top 100 1966». top-source.info. http://www.uk-charts.top-source.info/top-100-1966.shtml. Henta 8. april 2018. 
  5. [Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2002]
  6. «Cash Box Top 100 10/01/66». 1966-10-01. http://tropicalglen.com/Archives/60s_files/19661001.html. Henta 8. april 2018. 
  7. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  8. «Drake Bell - Sunny Afternoon & Interview On The Ring Master». YouTube. 2013-11-21. https://www.youtube.com/watch?v=gdIW_eFVEFw. Henta 8. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]