Shawn Crawford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shawn Crawford


Statsborgarskap USA
Fødd 14. januar 1978 (46 år)
Van Wyck, South Carolina
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Shawn Crawford (fødd 14. januar 1978) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Van Wyck i Sør-Carolina. Han vart olympisk meister på 200 meter i 2004 og vann to OL-sølv og ein VM-bronse i sprintøvingar i tida 2001-08.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Frå 2001-sesongen var Crawford i verdstoppen i sprint, særleg imponerte han på 200 meter. Under verdsmeisterskapen 2001 i kanadiske Edmonton fekk han ein bronsemedalje på 200 meter, delt med Kim Collins og på same tid, 20,20 sekundar, som sølvvinnar Christopher Williams.

I juni 2004 gjorde Crawford 100-meteren unna på 9,88 sekundar ved eit stemne i Eugene i delstaten Oregon, hans aller raskaste løp nokon gong. To månader etter, under dei olympiske leikane 2004 i Aten kom han i mål på sterke 9,89, men vart likevel berre fjerdemann, slått med høvesvis fire, tre og to hundredels sekund av dei tre medaljevinnarane; Justin Gatlin, Francis Obikwelu og Maurice Greene. Langt betre lukkast Crawford på 200 m fire dagar seinare, med tida 19,79 sekundar presterte han sitt livs beste løp på distansen og vann tevlinga med over 0,2 sekunds margin til dei andre to medaljevinnarane. Til sist i leikane sprang han startetappen for USA sitt mannskap i 4 x 100 meter stafett, ei tevling som enda med britisk siger og USA-amerikansk sølv, 38,07 sekundar mot 38,08.

Under sommarleikane 2008 i Beijing kneip Crawford sølvmedaljen på 200 m med tida 19,96, men vart stilt heilt i skuggen av Usain Bolt frå Jamaica som sette verdsrekord med sine 19,30 sekundar. Eitt år seinare forbetra Bolt verdsrekorden til fabelaktige 19,19 sekundar då friidretts-VM 2009 fann stad i Berlin, i eit finalefelt der Crawfords tid 19,89 ikkje heldt til meir enn fjerdeplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje på 200 m – 20,20, delt med Kim Collins
  • OL 2004 i Aten: Gull på 200 m – 19,79, sølv i 4 x 100 m stafett og nr 4 på 100 m – 9,89
  • VM 2005 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 100 m – 10,28
  • OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje på 200 m – 19,96, bakom Usain Bolt (19,30)
  • VM 2009 i Berlin: Nr 4 på 200 m – 19,89

Kjelder[endre | endre wikiteksten]