Sigvald Skavlan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigvald Skavlan

Fødd27. desember 1839
Stranda kommune
Død4. november 1912
Christiania
NasjonalitetNoreg
Yrkeprest
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Sigvald Skavlan (fødd 27. desember 1839 på Stranda i Møre og Romsdal, død 4. november 1912 i Kristiania) var ein norsk prest og diktar. Han var gift første gong med Hilda Egidia Egidius og andre gong med Cecilia Catherina Larsen.[1]

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Skavlan var son av Gerhardine Pauline Bergh og stortingsmannen Aage Schavland. I 1844 flytta familien frå Stranda til Herøy der Aage Schavland vart prest etter Hans Conrad Thoresen. Då faren vart møtte på Stortinget i 1848 tok han Sigvald og broren Olaf med til Christiania. I 1850 vart dei to gutane sende til Bergen på skule, før Sigvald byrja å studere teologi i Kristiania. Han var ferdig utdanna i 1865, og byrja same år som sjømannsprest i Antwerpen - han var ein av dei første i den nyoppretta sjømannsmisjonen. Det var han fram til han i 1869 tok til som lærar ved Trondhjems Døvstummeinstitut i 1869. I 1872 vart han forstandar ved denne skulen, og skreiv instituttets historie ved femtiårsjubileet i 1875. I denne boka er også avhandlinga «Tegnsprog», som låg langt føre den tids tankar om teiknspråk. Han vart prest igjen i 1877, då på Askøy der han både var sokneprest og prost, før han i 1887 kom til Vår Frue kyrkje i Trondheim, der han var fram til han gjekk av med pensjon.

Skavlan arbeidde mykje med døve, og hadde gudstenester for døve og deltok i foreningslivet for døve. Han skal ha vore svært god i teiknspråk. I 1910 vart han det første æresmedlemmet i Døvstumforeningen i Trondhjem.

Som prest ivra han for ungdomsarbeid som resulterte i skipinga av Trondhjems Ynglingeforening, ei forening han også vart æresmedlem av.

I 1872 ble Skavlan medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab og han ble i 1897 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Som salmediktar blir han kanskje hugsa best for salmen «Å, fikk jeg kun være den minste kvist» som står i Norsk Salmebok saman med to andre salmar av Skavlan. Han skreiv også andre songar, mest kjend er kanskje «Sangerhilsen», og han skreiv kantater for ulike hendingar som til dømes Røros kobberverks 250-årsjubileum, Trondheims 900-årsjubileum og kong Haakon VIIs og dronning Mauds kroning. Han publiserte ei rad bøker, musikk og songsamlingar.

Salmar

  • Jeg kysser dine hender
  • Min lodd falt meg liflig
  • Det lyser kors i Nordens flagg
  • Å, fikk jeg kun være den minste kvist

Dei tre første salmane vart gjendikta på nynorsk (av mellom andre Bernt Støylen) og brukt i Nynorsk salmebok på 1920-talet.[2]

Bøker og diktsamlingar

  • Fra Hav og Havn («To Fortællinger og nogle Digte») (1868)
  • Via Dolorosa («En Bog om Modgang og Kors») (1869)
  • Eva, den første Kvinde (1872)
  • Veninderne (1873)
  • Korsets Sange (bibelske dikt) (1885)
  • Stav og Harpe (dikt) (1913)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rabben, Bjarne (1978): Sigvald Skavlan: Barndomsmiljø og livsgjerning. Sunnmøre Historielag, tidsskrift for 1978, 54 årgang.
  2. Rabben, Bjarne (1978): Sigvald Skavlan: Barndomsmiljø og livsgjerning. Sunnmøre Historielag, tidsskrift for 1978, 54 årgang.