Sivert Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sivert Nielsen
Fødd 8. oktober 1823
Brønnøysund
Død

18. august 1904
Christiania

Sivert Andreas Nielsen (8. oktober 182318. august 1904) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar, postmann og ordførar. Han var stortingsrepresentant for Nordlands amt, møtte på stortinget fyrste gongen i 1859 og siste gongen i 1897. Frå 1884 representerte han partiet Venstre, parlamentarisk leiar frå 1896 til 1898. Han var både stortingspresident og odelstingspresident.

Sivert Nielsen var fødd i Brønnøy utanfor ekteskap, far hans var husmann under garden Lund. Frå 1840 var Sivert omgangsskulelærar i Vik sokn, frå 1846 også kyrkjesongar. Gardbrukar på garden Vik, der han fekk ein stor barneflokk. Han var medlem av heradsstyret i Brønnøy i 30 år, 28 av dei var han ordførar. Elles var han forlikskommissær i 20 år og sparebankdirektør i ti år.

Nielsen var postopnar i Brønnøy i 15 år. Han vart i 1880 tilsett som postmeister i Bodø, der han var medlem av bystyret.

1859-60 var Nielsen 2. representant på Stortinget frå Nordland. Han var då medlem av justiskomite nr. 2. Ved neste stortingsval hamna han på varamannsplass. På tinget 1865-66 var han 4. representant, sekretær i justiskomite nr. 2. Grunna sjukdom møtte han ikkje på Stortinget 1868-69, var vald til 2. representant. Same plassen hadde han ved dei to neste stortingsvala, han var frå 1871 medlem av valkomiteen i alle sesjonar fram til han forlet Stortinget i 1897, med unnatak for 1889, frå 1890 var han formann. Han var medlem av jarnbanekomiteen 1871-74. Medlem av konstitusjonskomiteen 1872-88, formann 1883-88. Dessutan medlem av justiskomite nr 2. i 1871, skattekomiteen 1875-77 og 1882, røysterettskomiteen 1875-76, fullmaktskomiteen 1879-88 og 1890-97, traktatkomiteen 1882-83. Nielsen vart 7. april 1888 permittert frå Stortinget, grunna sjukdom. Han møtte ikkje på tinget i 1889. Tok sete på nytt i 1890, var 1890-97 formann i næringskomite nr 1 og 1893 i kontraktørkomiteen. 13. mars 1897 vart Nielsen permittert frå Stortinget. Dette hindra ikkje at han vart vald til ei ny stortingsperiode, 1898-1900, men han møtte ikkje.

Nielsen var president i Odelstinget 1881-84, og stortingspresident to periodar, 1885-87 og 1890-97. Han vart i 1893 og to gongar i 1895 oppfordra av kong Oscar II om å danne regjering. 1883-84 var han medlem av aksjonskomiteen under riksretten mot Selmer-ministeriet. Elles var han medlem av ei rekke kongelege kommisjonar; om hamnearbeidet, skulelova 1884, væreigarkommisjonen same året, torskefisket i Nord-Noreg 1891, uninsonskomiteen 1895-97 og av riksskattekommisjonen 1893-99.

Nielsen var medlem av deputasjonen til tusenårsminnet 1872 i Haugesund og av kroningsdeputasjonen 1873 i Trondheim. Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1887, og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1896.

Siste leveåra budde han i Kristiania og døydde der i 1904.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]