Slaget ved Korbach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Korbach
Del av sjuårskrigen
Dato 10. juli 1760
Stad Korbach, i dagens Tyskland
Resultat Fransk siger
Partar
Flagget til Hannover Hannover
Flag of Great Britain (1707–1800).svg Storbritannia
Wappen Braunschweig.svg Braunschweig
Coat of arms of Hesse.svg Hessen-Kassel
Pavillon royal de France.svg Frankrike[1]
Kommandantar
Arveprinsen av Braunschweig St. Germain
Styrkar
15 000 til 20 000:[2]
  • 8000 til 8500 hannoveranske infanteristar
  • 3500 til 3800 britiske infanteristar
  • 2500 til 2700 hessiske infanteristar
  • 1000 til 1200 infanteristar frå Braunschweig
  • 600 hannoveranske kavaleristar
  • 300 britiske kavaleristar
  • 250 hessiske kavaleristar
  • 13 britiske kanonar
  • 8 hannoveranske kanonar

    400 til 500 med Luckner
7000 til 12 000:[3] i starten 20 000
1000 til 1200 kavaleristar
24 kanonar[4]
Tap
800 til 1000 døde, skadde eller fanga[5]
18 kanonar tapt[6][7]
700 til 800[8]

Slaget ved Korbach, ein hansaby i Waldeck-Frankenberg nord i Hessen i Tyskland, vart utkjempa den 10. juli 1760 under sjuårskrigen. Korbach var den første slaget i 1760 og franskmennene sigra over hannoveranarane, britane og deira allierte.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Byen Korbach ligg på ei høgd om lag 400 meter over flatlandet rundt og strekkje seg om lag 1,5 km aust for Korbach til skogen ved Berndorf, medan fleire vegar går gjennom sjølve byen. Fleire store styrkar frå begge sider opphaldt seg i dette området. Hovudstyrken til Frankrike under Victor-François de Broglie, marskalk av Frankrike var om lag 30 km sør for Frankenburg, medan hovudstyrken til dei allierte under Ferdinand av Braunschweig låg ved Sachsenhausen 10 km mot aust. De Broglie hadde fått ordre om å rykke fram mot hannover i nord gjennom Hessen og franskmennene ved Korbach var berre 40 km vest for Kassel, hovudstaden i Hessen.

Sjølve Korbach hadde tidlegare vorte erobra den 9. juli av general Nicolas Luckner, kommandøren av eit hannoveransk lettkavaleri, men den vesle styrken hans på fire skvadronar og ein bataljon av hessiske jegerar vart driven ut tidleg den 10. av fortropen til St. Germain. Ferdinand sende Karl Vilhelm Ferdinand, arveprinsen i Braunschweig, med ein blanda styrke av britar, hannoveranarar, hessarar og andre for å ta tilbake Korbach, slå korpset til St. Germain og hindre at dei to franske armane slo seg saman her. Han let Lord Granby kommandere armeen i Sachsenhausen og Ferdinand sjølv marsjerte med ein stor styrke til Wildungen. Arveprinsen marsjerte frå Sachsenhausen og kom fram til høgdene ved Korbach kl. 0900 om morgonen.

Den britiske delen av styrken var kommandert av generalmajor Griffin og skal ha bestått av minst fire bataljonar infanteristar[9], fem kavaleriskvadronar og ein brigade med 18 kanonar under kaptein Charlton. I tillegg var det nitten bataljonar av infanteristar og fjorten kavaleriskvadronar frå dei andre allierte. I tillegg var Luckner i nærleiken.

Saint Germain kommanderte i starten fire brigadar og vart seinare forsterka av Navarre og du Roi[10], truleg 7000 til 10 000 mann, samt 17 kavaleriskvadronar.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Arveprinsen Karl VIlhelm Ferdinand av Braunschweig.
Duc de Broglie

St. Germain sendte ut fire infanteribataljonar i byen Korbach. Resten av korpset sitt, infanteriartilleri og kavaleri, vart trekt opp på Korbachhøgdene austover og nordover i Berndorfskogane, der han sette ut nokre lette troppar. Arveprinsen sette korpset sitt i stilling og gjekk med ein gong til åtak. Den franske stillinga gjorde at han måtte la den venstre bakflanken sin vere open for franske forsterkingar frå nord.

Slaget starta med at dei allierte kom fram kl. 0900 og nokre hussarar hadde nokre småtrefningar på begge sider. Kanonaden varte heile dagen med frisk infanterield frå den franske sida. Kampen vart særleg intens langs vegen mellom to skogar på åsen mellom Korbach og Berndorfskogen, der franksmennene gav dei allierte problem. Då dei franske reservane kom frå nord, valde prinsen å trekke seg attende.

Under tilbaketrekkinga braut det ut forvirring hos det allierte infanteriet og kavaleriet[11] og franskmennene auka kanonelden og gjekk til åtak med ein stor kavaleristyrke. Dei allierte gjorde retrett rundt kl. 1500 på ettermiddagen i noko uorden. To britiske kavaleriskvadronar fekk æra for å ha redda nesten heile styrken. To britiske kavaleriregiment og to britiske infanteriregiment dekte retretten, men klarte ikkje å hindre at dei mista 18 kanonar til franskmennene.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Korbach var det første slaget i 1760. Den franske sigeren og at De Broglie tok initiativet tidleg på året, gjorde at dei klarte å rykke vidare fram og nytte seg av fordelane dei fekk i Tyskland, trass i fleire nederlag på slagmarkene mot arveprinsen og Ferdinand i Emsdorf og Warburg. Den marginale franske sigeren ved Kloster Kampen seint i oktober gjorde at britane mista alt håp om å ende krigen til deira fordel i 1760, trass i suksessen deira i Amerika.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1911 Encyclopedia Britannica, 11th Edition, New York 1910, Vol.X, s.460
  2. Manners, Walter Evelyn, Some Account of the Military, Political and Social Life of the Right Hon. John Manners Marquis of Granby, London, 1899, Macmillan og Company Ltd., s. 131
  3. Smollett, Tobias George og Hume, David,The History of England, from the Revolution in 1688, to the Death of George II, London 1825, s.547
  4. Charles Pierre Victor Pajol, Les guerres sous Louis XV: Tome 5, Paris 2006, ISBN 0-543-94431-X, s.56.
  5. William Russell, Charles Coote, The History of Modern Europe, Vol.III, London 1837, s. 383
  6. Manners, Walter Evelyn, Some Account of the Military, Political and Social Life of the Right Hon. John Manners Marquis of Granby, London, 1899, Macmillan og Company Ltd., s. 132.
  7. The Operations of The Allied Army under the Command of His Serene Highness Prince Ferdinand Duke of Brunswic and Luneberg During the greatest Part of Six Campaigns, beginning In the Year 1757 and ending in the Year 1762. av ein offiser som tente i dei britiske styrkane. London, MDCCLXIV, s.150.
  8. The Manuscripts of His Grace, the Duke of Rutland, Vol. II, London 1889, s. 219
  9. The Manuscripts of His Grace, the Duke of Rutland, Vol. II, London 1889, s. 209
  10. Charles Pierre Victor Pajol, Les guerres sous Louis XV: Tome 5, Paris 2006, ISBN 0-543-94431-X, s.56-58
  11. Burke, Edmund og Davis, John, The Annual Register, Or, A View of the History, Politics and Literature for the year 1760, London 1789, s.21
  12. Dull, Jonathan. The French Navy and the Seven Years War, University of Nebraska Press, 2005, ISBN 9780803217317, s. 180-181.