Slaget ved Praha i 1757

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Praha
Battle of Prague, 6 May 1757 - Attempted envelopment.png
Stad Praha i Böhmen, dagens Tsjekkia
Resultat Prøyssisk taktisk siger, austerriksk strategisk siger
Partar
Flag of the Kingdom of Prussia (1750-1801).svg Preussen Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburgmonarkiet
Kommandantar
Kong Fredrik den store Karl av Lorraine
Maximilian Ulysses Browne
Styrkar
66 infanteribataljonar
113 kavaleriskvadronar
82 kanonar - totalt 67 000 [1]
60 infanteribataljonar
20 kavaleriskvadronar
59 kanoar - total 60 000 [1]
Tap
14 300 drepne og skadde[1] 12 000 drepne og skadde, samt 4500 fanga [1]

Slaget ved Praha eller slaget ved Štěrboholy den 6. mai 1757 møtte Fredrik den store sin prøyssiske styrke på 67 000 mann den austerrikske armeen på 60 000 mann. Austerrike tapte slaget, men sidan Fredrik hadde tapt 14 300 mann, meinte han at han ikkje var sterk nok til å gå til åtak på Praha.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Etter at Fredrik hadde tvunge Sachsen til å overgje seg i 1756, overvintra han medan han la planar for å forsvare det vesle kongedømet sitt. Det var ikkje i hans natur, heller ikkje hans militærstrategi, å sitje i ro og forsvare seg. Han la derfor plana for nok eit modig slag mot Austerrike.

Tidleg på våren marsjerte den prøyssiske armeen i fire kolonnar over fjellovergangane mellom Sachsen og Schlesien frå Böhmen. Dei fire korpsa samla seg ved den bøhmiske hovudstaden Praha. Sjølv om det var risikabelt, sidan dei fråskilde avdelingane risikerte å kome ut i kamp aleine, var planen ein suksess. Etter at korpset til Fredrik slo seg saman med eit korps under fyrst Moritz og general Bevern i lag med Schwerin, gjekk armeane for Praha.

Austerrikarane hadde heller ikkje halde seg i ro. Dei vart først overraska av det tidlege åtaket til Preussen,m en den dyktige austerrikske feltmarskalken Maximilian Ulysses Browne hadde med stor dugleik trekt seg attende og sende armeen sin mot Praha. Her oppretta han ein forsvarsposisjon aust for byen og ein annan arme under fyrst Karl av Lorraine kom til og 60 000 mann var så klar på den austerrikske sida. Fyrsten tok no kommandoen.

Den austerrikske armeen under von Browne hadde inntatt ein nær uslåeleg posisjon på fjella Ziska- og Tabor. Byen var på den venstre flanken deira, med eit bratt juv i nord og ei myrlendt fjellside med ei elv i botn i vest. Dei to austerrikske kommandørane var ueinige i kva dei skulle gjere så. Von Browne ønskte å gå til åtak, medan Karl valde å vente på Konigseck, som vart slått i slaget ved Reichenberg. Dei visste at han var på veg mot Praha, og kanskje kom til og med Daun fram til Praha i tide.

Den 6. mai, rundt kl. 5 om morgonen, samla den prøyssiske armeen seg i nord på høgda Prosek. Med 115 000 mann, sende Fredrik Keith med 30 000 mann på vestsida av byen for å avskjere ei eventuell fluktrute for austerrikarane. Austerrikarane klargjorde seg for slaget og vendte mot nord og aust.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Fredrik gav ordre om eit augeblikkelg åtak, men Schwerin overtydde han om å rekognisere rundt den austerrikske høgre flanken. Han kom attende med informasjon om at svake hellande grøne sletter eigna seg betre for åtak bak austerrikarane. Den prøyssiske armeen marsjerte rundt kl. 7 og klarte stort sett å halde seg ute av syne fram til dei austerrikske generalane merka rørslene rundt kl. 10. Feltmarskalk von Brown flytta seks infanteriregiment til ein posisjon i søraust.

Schwerin, i lag med general Winterfeldt, vart til slutt klar for eit åtak. Åtaket vart leia av infanteriet til Winterfeldt. Det prøyssiske infanteriet fann raskt ut at dei ikkje stod på ei eng, men i restane etter fiskedammar. Då dei kjempa seg gjennom, vart Winterfeldt treft av ei muskettkule. Det prøyssiske infanteriet vakla og Schwerin ropte dei framover og førte dei vidare frå fronten. Han vart treft fleire gonger av austerrikske kanonprosjektil. Då Fredrik høyrde kva som skjedde, gav han ordre om å presse på.

Det austerrikske infanteriet merka den prøyssiske forvirringa og starta å presse prøyssarane nedover sletta igjen, og laga ein opning mellom seg sjølv og resten av den austerrikske linja som framleis vendte mot nord. På dette tidspunktet vart von Brown dødeleg skadd av det prøyssiske infanteriet og vart bore inn i Praha.

Då kong Fredrik og general von Zieten reorganiserte det prøyssiske infanteriet i sør for eit nytt åtak, oppdaga generalane Hautcharmoy og Bevern holet i den austerrikske linja og sendte infanteriet inn i mellom. Austerrikske kroatar hadde gått til åtak på prøyssarane nord for den austerrikske venstreflanken, men med holet i den austerrikske linja trekde dei seg tilbake og danna ei ny linje som gjekk sørover frå vestenden av Taborfjellet.

Den siste fasen av slaget starta rundt kl. 15 med at prøyssarane gjekk til åtak på den austerrikske linja på flanken frå sør. Karl trekte seg inn i byen under dekke av kavaleriet sitt.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå omleiringa av Praha.

Austerrikarane hadde mista 12 000 mann og 4500 var tekne til fange. Fredrik hadde sjølv mista 14 000 mann, som var vanskeleg å erstatte for vesle Preussen, og valde derfor å ikkje gå til åtak på Praha. Han tenkte som så at 40 000 soldatar, samt 75 000 innbyggjarar, raskt ville gå tom for mat.

Planane hans to derimot ikkje omsyn til den austerrikske armeen som var på veg mot han, og som han møtte i slaget ved Kolin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Perrett, Bryan (1992). The Battle Book. London, England: Arms and Armour Press. ISBN 1-85409-328-2.  s. 240.