Raidet mot Rochefort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raidet mot Rochefort
Del av sjuårskrigen

Dato September 1757
Stad Rochefort i Frankrike
Resultat Fransk siger, britane trekte seg attende utan å erobre Rochefort.
Partar
 Storbritannia  Frankrike
Kommandantar
Det britiske flagget John Mordaunt
Det britiske flagget Edward Hawke
Styrkar
8400 3000
Sjuårskrigen: Europa
MenorcaLobositzReichenbergPrahaKolínHastenbeckGross-JägersdorfMoysRochefortRossbachBreslauLeuthenRheinbergKrefeldDomstadtlCherbourgZorndorfSaint CastTornowLutterbergHochkirchBergenKayMindenKunersdorfHoyerswerdaFrisches HaffMaxenMeissenLandeshutKorbachEmsdorfWarburgLiegnitzKloster KampenTorgauVillinghausenKolbergWilhelmstahlBurkersdorfLutterbergAlmeidaKasselFreiberg

Raidet mot Rochefort var eit britisk amfibisk forsøk på å ta den franske hamnebyen Rochefort i september 1757 under sjuårskrigen. Under raidet prøvde britane ein ny taktikk mot franskekysten, sett i gang av William Pitt som hadde vorte statsminister nokre månader tidlegare.

Etter eit par forseinkingar nådde toktet den franske kysten og erobra øya Île-d'Aix. Då kommandanten John Mordaunt ikkje ønskte å gå i land, segla styrken heim att. Raidet vart mislukka, men det vart etterfølgd av liknande operasjonar dei neste åra.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia hadde kome dårleg ut i sjuårskrigen og tapt fleire slag mot franskmennene i Nord-Amerika, samt at den store marinebasen deira på Menorca i Middelhavet vart erobra av ein fransk styrke. I tillegg stod den britiske allierte Hannover ovanfor ein fransk invasjon. Etter desse nederlaga vart William Pitt statsminister i juli 1757.[1]

Pitt ønskte eit modig åtak som gjorde at franskemennene måtte ta ein del av soldatane som skulle nyttast i invasjonen til å verne franskekysten i staden. Han håpte òg å gjere folket som protesterte høglydt mot eit slikt felttog nøgd.[2] Fredrik den store av den einast store allierte britane hadde, og han bad innstendig om at britane sette i verk ein slik operasjon, sidan han såg at det ville ta noko av trykket bort frå den venta franske invasjonen av Preussen.[3]

Målet som vart vald ut var hamnebyen Rochefort, som den britiske ingeniøroffiseren Robert Clark såg som særleg dårleg forsvart og sårbar overfor eit overraskande britisk åtak.[4] Pitt søkte støtte for toktet hos Georg II og hertugen av Newcastle, som begge gav støtta si. Begge hadde derimot tvil om planen let seg utføre. Då situasjonen i Hannover forverra seg, bad begge seinare om at dei segla til den tyske hamnebyen Stade i staden, der dei kunne gje støtte til Hannover, men Pitt ønskte ikkje å endra mål.[5]

Samling og reise[endre | endre wikiteksten]

Kommandant for landstyrkane vart John Mordaunt, med Edward Cornwallis og Henry Conway som nestkommanderande. Edward Hawke vart kommandant for marinen, og skulle eskortere styrkane til Mordaunt, sette dei i land på fransekysten og så evakuere styrkane så snart toktet var over. James Wolfe vart utpeikt til generalintendant for toktet.

Ekspedisjonen vart samla på Isle of Wight i juli og august 1757. Det vart raskt fleire forseinkingar og avreisedatoen utsett fleire gonger.

7. september, ein månad etter dei opphavlege skulle av stad, segla styrken frå Storbritannia mot Biscayabukta. Han nådde fram utanfor Rochefort den 20. september, men på grunn av tett skodde klarte ikkje styrken å gå i land før fleire dagar seinare.[6] Hawke og marineoffiserane hans var alt særs uroa over det dårlege vêret, og frykta at hauststormane skulle gjere sjøen enno farlegare etter kvart som tida gjekk.[2]

Landgang[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Aix bak festningsvollane.

Med hjelp av Joseph Thierry, ein hugenott og elvelos, segla to britiske krigsskip til fortet som dominerte Île-d'Aix. Kanonane i fortet vart bombarderte av HMS «Magnanime», kommandert av Richard Howe og etter to timar var øya, som vart rekna som eit naudsynt utgangspunkt for vidare åtak mot Rochefort, falle til britane.[7]

Wolfe gjorde ei omfattande rekognosering og stadfesta av det franske forsvaret av Rochefort var svakt.[8] Franskmennene var ikkje førebudd på eit åtak i det heile og hadde vart fullstendig overraska då britane gjekk i land. Wolfe ønskte eit raskt åtak mot Fort Fouras i Rochefort, samt eit skinnåtak mot den nærliggande La Rochelle for å forvirre franskmennene om intensjonane sine. Mordaunt var einig,m en trekte seg då han oppdaga at vatnet rundt var for grunt til at skipa til Hawke kunne komme nær nok til å bombardere fortet.

Ein annan landgangsstad ved Chatelaillon langs kysten vart så vald ut, men òg her var vatnet for grunt, og Mordaunt frykta at ein stor fransk styrke låg i lur og venta bak sanddynene.[9] Den 26. september heldt Mordaunt eit krigsråd, der Wolfe sine optimistiske estimat om der svakt Fort Fouras var vart avviste, basert på rapportar frå to franske fangar, som meinte at fortet hadde eit sterkt forsvar. På grunn av dette vart forsøket på å ta Rochefort gjeve opp, men dei håpte likevel at franskmennene ville la seg skremme av dei britiske styrkane. General Conway klarte så å overbevise Mordaunt om eit nytt åtak på Fouras, men dette vart avlyst då det blåste opp til uvêr og landgangen ikkje var mogeleg. Wolfe pressa på for å få gjennomført eit nytt åtak, sjølv om overraskingsmomentet no var borte, men Mordaunt var nølande.[10]

Tilbaketrekking[endre | endre wikiteksten]

Oberst James Wolfe deltok som generalintendant, men var frustrert over at det ikkje vart gjort noko. Han utmerkte seg for Pitt, som forfremma han og sende han avstad for å erobre Louisbourg.

Hawke vart utolmodig og stilte eit ultimatum til Mordaunt. Om armeen ikkje var klar til å gå i land, så trekte han seg attende til Storbritannia. Mordaunt sa seg så einig i ei tilbaketrekking.[11]

Den 6. oktober forlet styrken Rochefort, evakuerte frå Île-d'Aix og kom tilbake til England nokre dagar seinare. Mordaunt rettferdigjorde avgjersla si ved å sei at marinen måtte dekke ein innkommande fransk flåte frå Vestindia i staden for å sitte i ro ved Rochefort i lang tid.[12] Mordaunt fekk kraftig kritikk av mange offiserar som hadde teke del i operasjonen og mange meinte at det framleis hadde vore mogeleg å gå i land sjølv etter overraskingsmomentet var tapt. Wolfe og Howe fekk god støtte for gjerningane sine, men nederlaget i Rochefort vart samanlikna med tapet av Menorca året før, som admiral Byng vart skoten for.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Hovudgata i landsbyen.

Det mislukka toktet førte til at Mordaunt vart stilt for krigsrett seinare på året.[13] Trass i sterk press frå ålmenta, vart Mordaunt reinvaska då retten kom fram til at planlegginga av operasjonen var for dårleg. Frikjenninga gjorde Georg II rasande og han meinte at Mordaunt burde seiast opp. Pitt var heller ikkje nøgd med avgjersla, sidan retten slik antyda at han hadde skulda for den mislukka operasjonen.[14]

Pitt heldt fram med å sende tokt nedover franskekysten. Året etter sende britane ein ekspedisjon mot St. Malo og klarte å okkupere Cherbourg ei kort stund. Eit resultat av raidet, som britane ikkje hadde føresett, var at dei franske handelskonvoiane frå Vestindia såg på Rochefort som utrygg og i staden starta å gå til Brest[15], der dei var eit lettare bytte for britiske krigsskip.

Øya Île-d'Aix vart igjen erobra av britiske styrkar i 1759 etter slaget ved Quiberonbukta og okkupert til slutten av krigen i 1763.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Raid on Rochefort» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Anderson, Fred. Crucible of War: The Seven Years War og the Fate of Empire in British North America, 1754-1766. Faber og Faber, 2000.
    • Black, Jeremy. British Lives: William Pitt. Cambridge University Press, 1992.
    • Brumwell, Stephen. Paths of Glory: James Wolfe. Hambledon, 2006.
    • Corbett, Julian Stafford. England in the Sjuårskrigen: A study in Combined Operations. Volume I. London, 1907.
    • Rodger N.A.M. Command of the Ocean: A Naval History of Britain, 1649-1815. Penguin Books, 2006.
    • Simms, Brendan. Three Victories og a Defeat: The Rise og Fall of the First British Empire. Penguin Books (2008)
    • Syrett, David. Admiral Lord Howe: A Biography. Spellmount, 2006.
  1. Rodger s.263-68
  2. 2,0 2,1 Rodger s.268
  3. Brumwell s.128
  4. Brumwell s.128-29
  5. Corbett s.197-200
  6. Brumwell s.131
  7. Syrett s.16
  8. Brumwell s.131-33
  9. Brumwell s.133
  10. Brumwell s.134
  11. Brumwell s.133-34
  12. Brumwell s134
  13. Black s.171
  14. Simms s.446
  15. Rodger s.268-69