Slaget ved Liegnitz i 1760

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Liegnitz
Del av sjuårskrigen
Dato 15. august 1760
Stad Liegnitz i Prøyssisk Schlesien, dagens Polen
Resultat Prøyssisk siger
Partar
Flagget til Preussen Preussen Flagget til Det tysk-romerske riketAusterrike
Kommandantar
Fredrik den store Ernst von Laudon
Styrkar
30 000 25 000 (80 000 forsterkingar under von Daun som ikkje vart nytta)

Slaget ved Liegnitz vart utkjempa 15. august 1760 og Fredrik den store og den prøyssiske armeen hans slo austerrikarane under Ernst Gideon von Laudon.

Armane braka saman rundt den prøyssiske byen Liegnitz (Legnica) i Schlesien. Det austerrikske kavaleriet til Laudon gjekk til åtak på den prøyssiske stillinga tidleg om morgonen, men vart slått tilbake av hussarane til general Zieten. Ein artilleri duell oppstod og vart til slutt vunne av prøyssarane då ei granat trefte ei austerriksk krutvogn. Det austerrikske infanteriet gjekk så til åtak på den prøyssiske linja, men vart møtt med tett kanoneld. Det prøyssiske infanteriet gjekk til motåtak leia av regiment Anhalt-Bernburg på venstreflanken, og tvinga austerrikarane i retrett.

Kort tid etter mørket senka seg var den verste kampen over, men det prøyssiske artilleriet heldt fram skota mot austerrikarane. General Leopold von Daun kom til staden og fekk vite om nederlaget til Laudon. Sjølv om han hadde med seg ein stor, utkvilt arme, valde han å ikkje gå til åtak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]