Slaget ved Kay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Kay
Del av sjuårskrigen
[[Fil:|300px]]
Stad Kay i markgrevskapet Brandenburg
Resultat Russisk siger
Partar
Flagget til Preussen Preussen Flagget til Russland Russland
Kommandantar
Carl Heinrich van Wedel Pjotr Saltykov
Styrkar
28 000 mann 47 000 mann
Tap
8300 mann 5000 mann

Slaget ved Kay eller slaget ved Paltzig var eit slag utkjempa 23. juli 1759 under sjuårskrigen. Det skjedde nær Kay (Kije) i Neumark, i dag ein del av Polen.

General Carl Heinrich von Wedel, kommandøren av ein prøyssisk arme på 28 000 mann, gjekk uklokt til åtak på ein større russisk arme på 47 000 mann, kommandert av grev Pjotr Saltykov og vart slått. Prøyssarane mista 8300 mann, russarane mindre enn 5000 mann. Etter slaget valte kong Fredrik II av Preussen å tvinge russarane ut i eit avgjerande slag for å hindre dei å slå seg saman med hovudhæren til austerrikarane, men vart slått ved Kunersdorf av ein samla russisk-austerriksk arme.

Storleiken på styrkane er òg gjeven til å vere 26 000 prøyssarar og 70 000 russarar, men dette er lite truleg, sidan Saltykov hadde 41 000 mann ved Kunersdorf berre tre veker seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]