Slaget ved Hastenbeck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Hastenbeck
Del av sjuårskrigen

Dato 26. juli 1757
Stad Nær Hastenbeck, søraust for Hamelin i Hannover
Resultat Fransk siger, førte til
nederlaget til Kurfyrstedømet Hannover
Partar
Flagget til Hannover Hannover
 Storbritannia
Hessen-Kassel
Braunschweig
 Frankrike[1]
Kommandantar
Vilhelm August av Cumberland Louis Charles d'Estrées
Charles de Rohan-Soubise
Styrkar
30 000 infanteristar,
5000 kavaleristar,
28 kanonar[2]
50 000 infanteristar,
10 000 kavaleristar,
68 kanonar[2]
Tap
311 drepne,
900 skadde,
200 sakna[3]
1000 drepne,
1200 skadde[3]
Sjuårskrigen: Europa
MenorcaLobositzReichenbergPrahaKolínHastenbeckGross-JägersdorfMoysRochefortRossbachBreslauLeuthenRheinbergKrefeldDomstadtlCherbourgZorndorfSaint CastTornowLutterbergHochkirchBergenKayMindenKunersdorfHoyerswerdaFrisches HaffMaxenMeissenLandeshutKorbachEmsdorfWarburgLiegnitzKloster KampenTorgauVillinghausenKolbergWilhelmstahlBurkersdorfLutterbergAlmeidaKasselFreiberg

Slaget ved Hastenbeck (26. juli 1757) vart utkjempa under sjuårskrigen mellom dei allierte styrkane til Hannover, Hessen-Kassel og Braunschweig mot Frankrike. Dei allierte vart slått av den franske armeen nær Hamelin i det som då var Kurfyrstedømet Hannover.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene, som var allierte med Austerrike, Russland, Sverige og Sachsen under sjuårskrigen, invaderte Tyskland i april 1757 med to armear på totalt rundt 100 000 soldatar. Franskmennene håpte å trekke merksemda til Kongedømet Preussen, som var allierte med Storbritannia og Hannover, bort frå Böhmen, der Preussen og Austerrike utkjempa fleire slag (Lobositz, Praha, Kolin).

Ein av dei to franske armeane kommandert av Charles de Rohan-Soubise marsjerte gjennom det sentrale Tyskland. Dei slo seg saman med keisararmeen, eller «Reichsarmee», kommandert av Josef av Sachsen-Hildburghausen. Denne samla armeen møtte seinare den prøyssiske armeen i slaget ved Rossbach den 5. november 1757 og vart knust.

Den andre franske armeen kommandert av marskalk Louis Charles d'Estrées bestod av 50 000 infanteristar, 10 000 kavaleristar og 68 kanonar. Armeen rykte fram til kurfyrstedømet Hannover. Preussen var altfor opptekne med fiendane Austerrike, Russland og Sverige og kunne derfor ikkje støtte vestfronten. Denne oppgåva fekk den hannoverianske observasjonsarmeen, som berre hadde noko støtte frå Preussen, nemleg seks prøyssiske bataljonar. Hovuddelen av observasjonsarmen kom frå Hannover (om lag 60 %) og Hessen (om lag 25 %), samt mindre styrkar frå Braunschweig og Preussen. Totalt bestod denne armeen av om lag 30 000 infanterinstar, 5000 kavaleristar og 28 kanonar. Armeen vart kommandert av hertug Vilhelm August av Cumberland som var ein av sønene til kong Georg II av Storbritannia.

Elva Weser og festninga ved Hamelin i Minden og Bremen danna ei naturleg forsvarslinje.

Hannover nekta å forsvare elva Rhinen, som ligg vest for elva Weser. Dette gjorde at prøyssarane måtte forlate festninga si i Wesel og gje opp forsvarslinja ved elva Lippe i april. Hovudmålet til Cumberland var å hindre okkupasjon av Hannover. Han sette armeen sin ved Bielefeld, og så etter eit kort opphald i Brackwede valde Cumberland å krysse Weser sør for Minden. Hovudplanen var å nytte Wester som ei naturleg forsvarslinje og gjere det umogeleg for franskmennene å krysse elva. Hertugen av Cumberland sette hovudstyrkane sine i stilling ved Hamelin, som ligg nokre kilometer nordvest for Hastenbeck og let dei prøyssiske bataljonane vere att i Minden som garnison. Han sette òg ut nokre små patruljar langs Weser. Samstundes sende franskmennene ein av deling mot nord for å ta Emden den 3. juli, som var ein viktig tilførselsstad for Storbritannia til Europa. Seinare sende dei ein annan avdeling mot sør og tok Kassel den 15. juli.

Natt til 7. juli rykte ein sterk fransk styrke fram og kryssa Weser nær byen Beverungen. Weser er vanlegvis ikkje enkel å krysse, men denne sommaren var vassnivået så lågt som 80 cm mellom Münden og Hameln og både infanteriet og kavaleriet klarte å krysse over. Ein fransk fortropp marsjerte så nordover og oppretta eit bruhovud ved Höxter. Hovudarmeen kryssa Wester den 16. juli og hertugen av Cumberland hadde ikkje anna val enn å sette opp styrkane sine sør for Hamelin for å møte franskmennene. Dei prøyssiske bataljonane vart kalla attende av Fredrik den store, etter å ha tapt slaget ved Kolin mot Austerike.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Armeane møttest til slutt morgonen den 25. juli i landsbyen Hastenbeck. Kommandøren av den franske høgreflanken, general François de Chevert, fekk ordre om å gå til åtak på hannoverianske troppar i landsbyen Voremberg, men klarte ikkje å drive dei ut. Den franske venstreflanken under general Duc de Broglie kryssa framleis Wester nær Hameln, d'Estrées valde å utsette slaget til alle soldatane var over.

Dagen etter sette hanoveranarane opp ei forsvarslinje frå Hamelin til Voremberg. Høgreflanken deira stod ved elvane Hamel og Hastenbach. Midten av fronten til Hannover vart sett ut nord for byen Hastenbeck og eit artilleribatteri stod på ei høgd bak byen. Venstreflkanen bestod av to forskansa batteri med grenaderbataljonar som verna kanonane. Venstreflanken stod ved Obensburg. Cumberland gjorde ein feil då han trudde at høgda var uframkommeleg og sette berre utt tre jegerkompani på toppen og let slik venstreflanken stå i lause lufta.

General Chevert fekk ordre om å ta flanken til Hannover med fire brigadar som bestod av troppar frå Picardy, la Marine, Navarre og Eu. Kl 0900 rykte denne styrken mot Obensburg i tre bataljonkolonnar og tok raskt jegertroppen. Hertugen av Cumberland såg at stillinga hans var truga bakfrå, og gav reservane og grenaderane ordre om å verne kanonane og gjenerobre Obensburg. Ved å bruke desse grenaderane i motåtaket mot Obensburg kunne dei ikkje nyttast i midten der hovudåtaket til franskmennene kom.

Det franske hovudåtaket bestod av åtaket til general d'Armentieres mot Voremberg med fem infanteribrigadar samt fire dragonregiment. Samstundes gjekk midten av den franske linja til åtaket på batteria som låg like nord for seg. Det hannoveranske batteriet klarte å slå tilbake fleire franske åtak, men vart til slutt erobra. Då dei hannoveranske infanterireservane kom til Obensburg, klarte dei ikkje å snu kampen i tide, og då hertugen av Cumberland starta å trekke armeen sin attende, måtte dei gje opp den no isolerte stillinga.

Utfall[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Hastenbeck er eit av dei merkelegaste slaga i historia, sidan begge øvstkommanderande trudde dei hadde tapt slaget og alt hadde starta tilbaketrekkinga frå slagmarka. Slaget førte til slutt til Klosterzeven-konvensjonen og at Hannover vart okkupert. Under slaget vart Hastenbeck nesten heilt øydelagd, berre kyrkja, prestegarden og gardshuset stod att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250
  2. 2,0 2,1 Marston s. 36
  3. 3,0 3,1 Marston s. 37