Slaget ved Maxen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Maxen
Del av sjuårskrigen
[[Fil:|300px]]
Dato 21. november 1759
Stad  Sachsen, dagens Tyskland
Resultat Austerriksk siger
Den prøyssiske styrken vart utsletta
Partar
Flagget til Det tysk-romerske riket Austerrike Flagget til Preussen Preussen
Kommandantar
Leopold Josef Graf Daun Friedrich August von Finck
Styrkar
42 000 14 000
Tap
? 14 000
Sjuårskrigen: Europa
MenorcaLobositzReichenbergPrahaKolínHastenbeckGross-JägersdorfMoysRochefortRossbachBreslauLeuthenRheinbergKrefeldDomstadtlCherbourgZorndorfSaint CastTornowLutterbergHochkirchBergenKayMindenKunersdorfHoyerswerdaFrisches HaffMaxenMeissenLandeshutKorbachEmsdorfWarburgLiegnitzKloster KampenTorgauVillinghausenKolbergWilhelmstahlBurkersdorfLutterbergAlmeidaKasselFreiberg

Slaget ved Maxen (21. november 1759) medførte at ein heil prøyssisk arme vart utsletta av ein langt større austerriksk styrke ved Maxen i Sachsen i dagens Tyskland. Slaget var ein del av sjuårskrigen.

Den prøyssiske armeen på 14 000 mann var kommandert av Friedrich August von Finck, ein av dei beste generalane til Fredrik den store. Han var send bak den austerrikske armeen for å kutte kommunikasjonslinjene deira med Böhmen. Fredrik forventa at den austerrikske generalen Leopold von Daun, skulle trekkje seg tilbake då linjene hans var truga, men i staden tok han nytte av at Finck var isolert og omringa han med tre separate armear. 20. november gjekk austerrikarane til åtak og tvinga Finck bort frå den sterke posisjonen sin ved Maxen. Retretten hans var blokkert av keisararmeen og 21. november måtte Finck overgje seg og heile armeen sin, ein knusande siger til Austerrike, sjølv om Daun ikkje klarte å følgje opp suksessen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]