Slettvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slettvar
Slettvar
Slettvar
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Flyndrefisk Pleuronectiformes
Underorden: Pleuronectoidei
Familie: Varfamilien Scophthalmidae
Slekt: Scophthalmus
Art: Slettvar S. rhombus
Vitskapleg namn
Scophthalmus rhombus

Slettvar eller glattvar (Scophthalmus rhombus) er ein flyndrefisk i varfamilien.

Slettvar i sanden.

Fisken blir opptil 75 cm lang og 8 kg. Han liknar på piggvar, men er smalare, og skinnet på den farga sida (oversida) er glatt. Oversida er gråspragla, medan blindsida som oftast er kvit. Som andre medlemmer i varfamilien er flyndra nesten alltid venstrevridd. Slettvaren lever på 5–70 meters djup. Han lever som oftast på sandbotn, og føda består av krepsdyr og ulike fiskeslag som brisling, hvitting, hyse, sil, sild og augepål. Slettvaren er rekna som ein utmerka matfisk, men er ikkje like ettertrakta som piggvaren. I Noreg blir det ikkje drive regulært fiske etter arten, men ein del blir tatt som bifangst.[1]

Undersida av ein slettvar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabankens artsopplysninger». Artsdatabanken. 4. august 2020. Henta 4. august 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Moen, Frank Emil. Dyreliv i havet - Nordeuropeisk marin fauna (3. utg.). Kristiansund: KOM Forlag. ISBN 82-90823-54-1. 
  • Pethon, Per. Aschehougs store fiskebok (5. utg.). Oslo. ISBN 82-03-23247-7.