Kviting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kviting
Kviting
Kviting
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kviting
Utbreiinga av kviting
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Orden: Torskefisk Gadiformes
Familie: Torskefamilien Gadidae
Slekt: Merlangius
Art: Kviting M. merlangus
Vitskapleg namn
Merlangius merlangus

Kviting (Merlangius merlangus), òg kalla bleike[1][2] eller bleikje[3][4], er ein fisk i torskefamilien.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kvitingen kan bli opptil 70 cm lang og 3 kg, men vanlegvis ikkje lenger enn 50 cm. Han er sølvgrå på farge, mørkare på ryggen og lys på buken. Berre unge individ har ein liten skjeggtråd. Munnen er overbitt. Sidelinja gjer ei svak boge over brystfinnane, som har ein svart flekk ved rota. Dei tre ryggfinnane og to gattfinnane har berre blautstråler. Den fyrste ryggfinnen har 12–15 blautstråler, den andre har 18–25, og den tredje har 19–22. Den fyrste gattfinnen har 30–35 blautstråler og den andre har 21–23.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Kvittngen har den største utbreiinga si i nordaustlege delar av Atlanterhavet, frå Gibraltar og nordover til Island og Barentshavet. Han finst òg i Svartehavet, Middelhavet og vestlege delar av Austersjøen. I Noreg finst kvitingen langs heile kysten, men er vanlegast sør for Stad.[5]

Kviting opptrer frå 10 til 200 meter, ofte på mudder- og sandbotn.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Kvitingen er bentopelagisk, men held mest til som botnfisk. Unge fiskar finst heilt inne ved land, medan dei vaksne og store individa oppheld seg i litt større avstand til kysten og på større djupner. Dei kan vandra over store område, men lite er kjent om vandringsmønstera deira. Hovudføda er krepsdyr og annan fisk som sild. I gytetida, frå januar til juli, samlar kvitingane seg i store stimar. Både egga og yngelen er pelagisk. Når yngelen blir omtrent 10 mm søkar dei ofte vern mellom nesletrådane til brennmaneter. Når dei blir 50–100 mm lange søkar dei mot botnen.

Økonomisk tyding[endre | endre wikiteksten]

Kvitingen er ein svært god matfisk og det blir drive kommersielt fiske etter han med trål og snurrevad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «bleikje». Norsk ordbok. Henta 10. september 2023. 
  2. «Merlangius merlangus - Artsdatabanken», artsdatabanken.no, henta 19. september 2023 
  3. «bleikje». Norsk ordbok. Henta 10. september 2023. 
  4. «bleikje» i Nynorskordboka.
  5. «Artsdatabankens artsopplysninger». Artsdatabanken. 3. august 2020. Henta 3. august 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]