So Far av Crosby, Stills, Nash & Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
So Far
Samlealbum av Crosby, Stills, Nash & Young
Utgjeve 19. august 1974
Innspelt 1969-1970
Sjanger Folkrock
Lengd 42:36
Selskap Atlantic
Crosby, Stills, Nash & Young-kronologi
4 Way Street
(1971)
So Far CSN
(1977)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Robert ChristgauB−[2]

So Far er eit samlealbum av Crosby, Stills, Nash & Young. Det nådde toppen av Billboard Top Pop Albums-lista, det tredje albumet deira på rad som klarte dette. Det har seld til 6x platinaplate i USA og er det nest bestseljande albumet deira etter Déjà Vu.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Albumet inneheld fem av dei seks singlane dei hadde gjeve ut til då, og utelet «Marrakesh Express». Det var første gongen singelen «Ohio» kom ut på eit album, i tilegg til B-sida «Find the Cost of Freedom». Dei andre fem spora var henta frå dei to studioalbuma deira, Crosby, Stills & Nash og Déjà Vu.

Dei elleve songane på denne samleplata vart valt ut frå dei berre 22 songane gruppa hadde gjeve ut til då. Graham Nash sa seinare at gruppa var i mot utgjevinga og meinte at det var absurd å basere eit samlealbum på berre to studioalbum og ein singel. Atlantic Records ønskte å utnytte den særs omtalte og etterlengta turneen til Crosby, Stills, Nash & Young i 1974.

Young er berre med på fire av dei elleve songane. Han hadde òg berre vore med på halvparten av songane på Déjà Vu.

Plateomslaget vart måla av venen og kollegaen til gruppa, Joni Mitchell.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelOpphav Lengd
1. «Déjà Vu»  Déjà Vu, 1970 4:10
2. «Helplessly Hoping»  Crosby, Stills & Nash, 1969 2:38
3. «Wooden Ships»  Crosby, Stills & Nash 5:26
4. «Teach Your Children»  Déjà Vu 2:53
5. «Ohio»  Singel 1970 3:00
6. «Find the Cost of Freedom»  B-side til singelen «Ohio» 2:01
Side to
# TittelOpphav Lengd
1. «Woodstock»  Déjà Vu 3:52
2. «Our House»  Déjà Vu 2:58
3. «Helpless»  Déjà Vu 3:34
4. «Guinnevere»  Crosby, Stills & Nash 4:38
5. «Suite: Judy Blue Eyes»  Crosby, Stills & Nash 7:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • David Crosbyvokal alle spor; rytmegitar på «Déjà Vu», «Wooden Ships», «Ohio» og «Woodstock»; akustisk gitar på «Guinnevere»
  • Stephen Stills – vokal alle spor utanom «Guinnevere»; akustisk og elektrisk gitars alle spor utanom «Our House» og «Guinnevere»; piano på «Déjà Vu» og «Helpless»; orgel på «Wooden Ships,» «Woodstock» og «Suite: Judy Blue Eyes»; bass på «Déjà Vu», «Wooden Ships», «Teach Your Children» og «Suite: Judy Blue Eyes»
  • Graham Nash – vokal alle spor; piano på «Woodstock» og «Our House»; akustisk gitar, tamburin på «Teach Your Children»
  • Neil Young – vokal på «Ohio», «Find the Cost of Freedom» og «Helpless»; akustisk gitar på «Find the Cost of Freedom» og «Helpless»; elektrisk gitar på «Ohio» og «Woodstock»

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1974 Billboard 200 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce (2011). «So Far - Crosby, Stills, Nash & Young | AllMusic». allmusic.com. Henta 13. januar 2019. 
  2. Christgau, R. (2011). «Robert Christgau: CG: Crosby, Stills, Nash & Young». robertchristgau.com. Henta 13. januar 2019.