Songaren Tony Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tony Williams
Fødd 5. april 1928
Elizabeth
Død

14. august 1992
New York by

Yrke musikar, songar

Samuel E. «Tony» Williams (5. april 192814. august 1992)[1] var ein USA-amerikansk songar, mest kjend som frontmann i The Platters[2] frå 1953 til 1960.[3] Williams var fødd i Elizabeth i New Jersey, og døydde i New York av emfysem.[3]

Syster hans, R&B-songaren Linda Hayes var avgjerande for at Williams vart medlem av The Platters, som vart oppdaga og styrt av Buck Ram.[2] I ein krangel om pengar, slutta Williams i The Platters for å satse på ein solokarriere, og fortsette å arbeide med Ram.[4]

Williams vart valt inn i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Platters i 1990. Williams turnerte med sin eigen variant av The Platters, kalla The International Platters, med kona Helen Williams. Den musikalske leiaren William Gulino arbeidde på og av med Tony Williams og The Platters frå 1978 til 1992.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Magic Touch of Tony - Philips PHS-600-051 - 1962
  • A Girl Is a Girl Is A Girl - 1961
  • Tony Williams Sings His Greatest Hits - 1994
  • The Voice of The Platters - Vintage Music -2014

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eagle, Bob; LeBlanc, Eric S. (2013). Blues - A Regional Experience. Santa Barbara: Praeger Publishers. s. 265. ISBN 978-0313344237. 
  2. 2,0 2,1 Gilliland, John (1969). «Show 5 - Hail, Hail, Rock 'n' Roll: The rock revolution gets underway. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  3. 3,0 3,1 Published: August 16, 1992 (1992-08-16). «Tony Williams, 64; Platters' Lead Singer - New York Times». Nytimes.com. Henta 2014-01-11. 
  4. Gilliland, John (1969). «Show 14 - Big Rock Candy Mountain: Rock 'n' roll in the late fifties. [Part 4]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Songaren Tony Williams