Sonny Turner
Sonny Turner | |
Fødd | 24. september 1939 |
---|---|
Fødestad | Fairmont |
Død | 13. januar 2022 (82 år) |
Dødsstad | Los Angeles |
Opphav | USA |
Instrument | vokal |
Verka som | songar |
Sonny Turner (fødd 24. september 1939 i Fairmont i Vest-Virginia) er ein USA-amerikansk songar som er mest kjend for å ha tatt over plassen til Tony Williams som frontmann i The Platters.
Før han arbeidde med The Platters var Turner frontmann i ei lokal vokalgruppe kalla The Metrotones. Då dei spelte på ein lokal klubb i Cleveland som oppvarming for Redd Foxx, vart Turner møtt av den lokale DJ-en Bill Crane. Han spurte om Turner var interessert i å prøvesyngje for The Platters for å erstatte frontmannen deira Tony Williams, som var på veg ut av bandet. Turner vart vald ut av 100 håpefulle seint i 1959. Turner, som hadde Jackie Wilson som ven og mentor, pusta nytt liv i The Platters som fekk tre nye hitsinglar: «I Love You 1000 Times» i 1966, «With This Ring» i 1967 og «Washed Ashore» i 1968. Han spelte òg inn mange av dei tidlegare hittane til The Platters inn på ny, og det er Turner sin vokal ein kan høyre på Platters-songane i filmar som The Nutty Professor 2 og Hearts in Atlantis.