Twilight Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Twilight Time
Singel av The Platters
B-side «Out of My Mind»
Utgjeve April 1958
Sjanger R&B, traditional pop
Lengd 2:47
Selskap Mercury Records 71289
Låtskrivar(ar) Buck Ram, Morty Nevins, Al Nevins, Artie Dunn
The Platters-kronologi
«Helpless»
(1958)
Twilight Time «You're Making a Mistake»
(1958)


«Twilight Time» er ein popsong med tekst av Buck Ram og musikk av The Three Suns (Morty Nevins, Al Nevins og Artie Dunn). Ram sa at han opphavleg skreiv teksten som eit dikt, utan musikk, medan han sstuderte.[1]

Den første instrumentale innspelingane av «Twilight Time» vart gjort av The Three Suns[1] (1944) og Les Brown & His Band of Renown (1945).[2]

Les Brown sin versjon vart spelt inn i november 1944 og gjeven ut tidleg i 1945 som B-sida til «Sentimental Journey», den første innspelinga av denne songen. Medan A-sida vart sungen av Doris Day, var «Twilight Time» ein instrumental. Den første vokale versjonen av songen kom òg i 1945 av bandleiaren Jimmy Dorsey med Teddy Walters på vokal.[3]

Han har blitt spelt in mange gonger opp gjennom åra av forskjellige artistar. Den mest kjende versjonen av songen vart spelt inn av The Platters[1] og han gjekk til topps på poplista og R&B Best Sellers-lista i 1958 i USA.[4] Songen nådde òg tredjeplassen i Storbritannia.[5] I 1963 spelte The Platters inn ein spanskspråkleg versjon av songen kalla «La hora del crepúsculo», sungen i rumbastil.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • X-Files-episoden «Kill Switch» (sesong 5, episode 11).
  • «Twilight Time» var tittelen på episode 80 av fjernsynsserien «My Little Pony: Friendship is Magic.»'
  • Ein spanskspråkleg versjon av songen sungen av den argentinske gruppa Los Cinco Latinos er blitt nytta fleire gonger, mellom anna under rulleteksten til Whit Stillman-filmen Barcelona frå 1994.
  • Songen vart nytta under siste scene i filmen Blood and Donuts og går under rulleteksten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Buck Ram intervjua på Pop Chronicles (1969)
  2. Michael David Toth (c2004 (2001)). «Twilight Memories, an illustrated history--Part I». The Three Suns Universe. Henta 24. februar 2009. 
  3. «The Originals Vol. 32». 
  4. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 463. 
  5. The Platters, «Twilight Time» chart positions Retrieved Juni 7, 2013
  6. Andy Williams, «Twilight Time» chart positions Retrieved Juni 7, 2013
  7. Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research, Inc. s. 238. ISBN 978-0-89820-203-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]