Herb Reed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Herb Reed
Fødd7. august 1928
FødestadKansas City i Missouri
Død4. juni 2012 (83 år)
DødsstadBoston
OpphavUSA
SjangerDoo-wop
Instrumentvokal
Stemmetypebassrøyst
PlateselskapFederal
Verka somsongar

Herbert «Herb» Reed (7. august 19284. juni 2012) var ein USA-amerikansk musikar, vokalist og med på å starte bandet The Platters, som hadde stor suksess i 1950- og 1960-åra. Reed, som var det siste overlevande, originale medlemmet av gruppa, har fått æra for å ha kome på namnet på gruppa.[1] Reed kom på namnet etter at ein radiopratar i 1950-åra kalla platene deira «platters».[2]

Reed voks opp i fattigdom i Kansas City i Missouri, og flytta til Los Angeles då han var 15 år gammal.[1] Han flytta til Boston-området i 1970-åra, etter suksessen med The Platters.[2] Han var det einaste medlemmet i The Platters som song på alle dei kring 400 songane bandet spelte inn.[2] Ein kan høyre vokalen hans på dei største hittane til The Platters, som «Smoke Gets in Your Eyes», «The Great Pretender», «Twilight Time» og «My Prayer».[2]

Som det siste originale medlemmet i The Platters, kjempa Reed ein lang rettskamp om rettane til namnet The Platters, ein kamp han til slutt vann.[1]

Reed turnerte gjennom heile karrieren, og han framførte så mykje som 200 konsertar i året fram til 2012, då han måtte stoppe på grunn av helsa.[2] Han døydde av komplikasjonar frå fleire sjukdommar, mellom anna svakt hjarte, på ein pleieheim i Boston den 4. juni 2012, 83 år gammal.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]