Splitterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Splitterne

Status i verda: LC Livskraftig

Thalasseus sandvicensis acuflavidus i Nord-CarolinaFoto: Dick Daniels
Thalasseus sandvicensis acuflavidus i Nord-Carolina
Foto: Dick Daniels
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Slekt: Thalasseus
Art: T. sandvicensis
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Thalasseus sandvicensis

Splitterne (Thalasseus sandvicensis) er ein kystfugl i måsefamilien, Laridae, med utbreiing hovudsakleg i Karibia og langs fastlandet rundt i Nord-Amerika og Mellom-Amerika, på kystar av Sør-Amerika, Afrika og Europa. Dei er noko større enn til dømes makrellterne og har meir rufsete fjører på hovudet.

██ Hekkeområde ██ Overvintringsområde ██ Heilårleg leveområde
Ei flock splitterner rastar ved Världens ände i Ystad i mai 2017.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei mellomstor, lys terne med svart hette, nokså langt, smalt nebb og lange venger. Undersida er heilt kvit, oversida bleik grå. Farge på bein og nebb skil seg med underart, i Eurasia og Nord-Amerika er nebbet svart med lysegul tupp, i Sør-Amerika vil heile nebbet vere gult. Oftast er beina svarte, men kan vere gule. Kroppslengda er 36 til 40 centimeter, kroppsvekta kan variere så mykje som mellom 130 og 300 gram, dei største fuglane finst i Amerika. Dette er ein maritim art som lever ved kystar i varmt temperert til tropiske klima. Storparten av populasjonane er flyttfuglar.

Utbreiing og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Taksonomien for splitterna har vore uklar og arten har lenge ført opp i slekta Sterna.

Utbreiing i Afrika og Eurasia:

I Amerika:

IOC World Bird List, versjon 6.3, deler opp arten splitterne slik at dei to underartane i Amerika gjer ut for eit artstakson med to underartar.
Handbook of the Birds of the World Alive reknar T. s. acuflavidus og T. s. eurygnathus som ein og same underart av T. sandvicensis

Økologi og status[endre | endre wikiteksten]

Splitterner beitar ved kystar eller hav på fisk som kan vere opp til 15 centimeter lange. Fisken kan vere av ulike artar, inkludert artar i ansjosfamilien, sardinfamilien og flygefisk. Dei kan supplere med anna marint føde som små krepsdyr og makk frå mudderbankar, og nokre gonger fugleungar som til dømes av avosettar. Som andre terner i Thalasseus-slekta stupdukkar splitterner frå stor høgd, rundt rekna opptil 10 meter.[2]

Dette er kolonihekkarar, og dei hekkar ofte nær andre terneartar og måseartar. Storleiken på hekkekolonien er oftast under 1000 par, og opptil 4000 par. Til dømes var ein koloni nord for Esbjerg på 3300 par i 2006.[3] Kullet er typisk på to egg, men kan vere på eit eller tre. Ungfuglar startar vanlegvis hekking først når dei er fire år og levealderen kan bli meir enn 20 år.[2]

Den globale populasjonen av splitterner overstig 200 000 individ.[2] Utviklinga av populasjonen har variert over dei ulike leveområda, i Nordvest-Europa har han minka seinare år, til dømes i Danmark.[3] og Storbritannia.[4] BirdLife International reknar den globale populasjonen som stabil og livskraftig.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag.
  2. 2,0 2,1 2,2 Gochfeld, M., Burger, J., Kirwan, G.M. & Christie, D.A. (2016). Sandwich Tern (Thalasseus sandvicensis) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 20. oktober 2016
  3. 3,0 3,1 Dansk Ornitologisk Forening. «Splitterne (Sterna sandvicensis. Arkivert frå originalen den 2014-02-24. https://web.archive.org/web/20140224190623/http://www.dofbasen.dk/ART/art.php?art=06110. Henta 20. oktober 2016. 
  4. Robinson, R.A. (2005) BirdFacts: profiles of birds occurring in Britain & Ireland (BTO Research Report 407). BTO, Thetford
  5. BirdLife International (2016) Species factsheet: Thalasseus sandvicensis. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. oktober 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Splitterne