Steuart Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steuart Smith
Steuart Smith 0053.jpg
Opphav Arlington i Virginia
Fødd 24. juni 1952
Baltimore
Instrument

gitar, vokal, bassgitar, klaverinstrument, mandolin

Sjanger Rock, countryrock, softrock
Yrke Musikar, produsent
Tilknytte artistar Eagles, Michelle Branch

Steuart Smith (fødd 24. juni 1952) er ein amerikansk gitarist og multi-instrumentalist som har arbeidd med Eagles sidan 2001. Han vart henta inn i bandet då Don Felder fekk sparken. Smith spelar sologitar i lag med Joe Walsh, som på gitarsoloen på «Hotel California». I tillegg til å spele konsertar med Eagles, spelte han òg på Long Road Out of Eden.[1]

Smith har òg spelt i turnébandet til Don Henley, og stundom òg med Glenn Frey.

Smith har vore ein mykje nytta studiomusikar gjennom karrieren og han har arbeidd med John Stewart (Bullets in the Hour Glass) Mary Chapin Carpenter (Stones in the Road), Shawn Colvin (Fat City, A Few Small Repairs, Cover Girl[2]), Rodney Crowell, Rosanne Cash, Loudon Wainwright III, Vince Gill, Dolly Parton, Wynonna Judd, Trisha Yearwood, Suzzy Roche, The Cicadas[3], Terri Clark, Darden Smith, Lari White, Crystal Bernard, Chely Wright, Thrasher Shiver, Kasey Chambers, Karen Staley, J.C. Jones, Sonny Burgess, Brady Seals, Matt Duke, Michelle Branch, Lucy Wainwright Roche, Charlie Louvin og Root Boy Slim).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas (2007). «Long Road Out of Eden». allmusic.com. Henta 26. desember 2010. 
  2. Cummings, Jon. «Shawn Colvin Models Others' Songs.» Billboard 106.28 (9 Jul 1994): 14, 18.
  3. Waddell, Ray. «Crowell Looks Back on 'Houston Kid.'» Billboard 113.6 (10 Feb 2001): 11, 14.